1 Kings 21
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Sidan hende denne tilburden: Jizre’eliten Nabot, hadde ein vinhage som låg i Jizre’el innåt slottet til Ahab, kongen i Samaria.Select 1 Kings 21:1
2Og Ahab tala med Nabot og sagde: «Lat meg få vinhagen din, so eg kann hava honom til kålhage, for han ligg so nær innåt huset mitt. Eg skal gjeva deg ein betre vingard i staden, eller um du so tykkjer, skal eg greida verdet ut i reide pengar.»Select 1 Kings 21:2
3Men Nabot sagde til Ahab: «Aldri i verdi vil eg gjeva deg fedrearven min!»Select 1 Kings 21:3
4Då gjekk Ahab heim, mismodig og harm for det svaret jisre’eliten Nabot hadde gjeve honom då han sagde: «Eg vil ikkje gjeva deg fedrearven min.» Og han lagde seg i sengi og snudde seg burt og vilde ikkje eta.Select 1 Kings 21:4
5Då kom Jezabel, kona hans, inn til honom og sagde til honom: «Kvi er du so stur i hugen, so du ikkje vil eta?»Select 1 Kings 21:5
6Han svara henne: «Eg tala med jizre’eliten Nabot og sagde til honom: «Lat meg få vinhagen din for pengar, eller um du so tykkjer, skal eg gjeva deg ein annan vinhage i staden.» Men han svara: «Eg vil ikkje gjeva deg vinhagen min.»»Select 1 Kings 21:6
7Då sagde Jezabel, kona hans, til honom: «Er det du som no hev kongevelde i Israel? Statt upp, et og ver i godlag! Eg skal gjeva deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot.»Select 1 Kings 21:7
8Og ho skreiv eit brev i namnet åt Ahab og sette innsigle under med hans seglring og sende brevet til styresmennerne og storfolket i byen hans Nabot, dei som budde saman med honom.Select 1 Kings 21:8
9Ho skreiv soleis i brevet: «Lys til ei fasta, og set so Nabot øvst millom folket,Select 1 Kings 21:9
10og set tvo uvyrdne karar midt imot honom, og lat deim vitna imot honom og segja: «Du hev banna Gud og kongen!» Før so honom ut og steina honom i hel!»Select 1 Kings 21:10
11Mennerne i byen hans, styresmennerne og storfolket, dei som budde der i byen hans, gjorde etter det bodet som Jezabel hadde sendt deim, so som det var skrive i brevet ho hadde sendt til deim.Select 1 Kings 21:11
12Dei lyste til ei fasta og sette Nabot øvst millom folket;Select 1 Kings 21:12
13og dei tvo uvyrdne kararne kom og sette seg midt imot honom, og uvyrdorne vitna imot Nabot for folket og sagde: «Nabot hev banna Gud og kongen.» So førde dei honom utanfor byen og kasta stein på honom til han døydde.Select 1 Kings 21:13
14Og dei sende bod til Jezabel med dei ordi: «Nabot er steina i hel.»Select 1 Kings 21:14
15Då Jezabel høyrde at Nabot var steina i hel, sagde Jezabel til Ahab: «Statt upp, eigna til deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot, den som han ikkje vilde gjeva deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live, han er dåen.»Select 1 Kings 21:15
16Då Ahab høyrde at Nabot var dåen, stod Ahab upp og gav seg på vegen til vinhagen åt jizre’eliten Nabot og vilde eigna honom til seg.Select 1 Kings 21:16
17Men Herrens ord kom til Elia frå Tisbe soleis:Select 1 Kings 21:17
18«Statt upp, og far ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vinhagen åt Nabot, han hev gjenge ned og vil eigna til seg.Select 1 Kings 21:18
19Du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: Hev du no både drepe og eigna til deg arven?» Og du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: På same staden som hundarne hev slikka blodet åt Nabot, skal hundarne slikka blodet ditt og.»»Select 1 Kings 21:19
20Ahab sagde til Elia: «Hev du funne meg, du fienden min?» Han svara: «Ja, eg hev funne deg. Sidan du hev selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,Select 1 Kings 21:20
21so fører eg ulukka yver deg, og eg skal sopa etter deg og rydja ut or Ahabs-ætti kvar ein karmann, både ufri og fri i Israel.Select 1 Kings 21:21
22Og eg skal fara med ditt hus som eg for med huset åt Jerobeam Nebatsson og huset åt Baesa Ahiason, for di du hev harma meg so mykje og forført Israel til synd.Select 1 Kings 21:22
23Um Jezabel og hev Herren tala og sagt: «Hundarne skal eta upp Jezabel attmed Jisre’elsmuren.Select 1 Kings 21:23
24Den av Ahabs-ætti som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr ute på marki, skal fuglarne eta upp.»»Select 1 Kings 21:24
25Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.Select 1 Kings 21:25
26Mykje stygt gjorde han, med di han for etter dei ufyselege avgudarne, plent som amoritarne hadde gjort, dei som Herren dreiv burt for Israels-borni.Select 1 Kings 21:26
27Men då Ahab høyrde dei ordi, reiv han sund klædi sine og sveipte sekk um kroppen og fasta; og han sov i sekkjetyet og for stilt fram.Select 1 Kings 21:27
28Då kom Herrens ord til Elia frå Tisbe soleis:Select 1 Kings 21:28
29«Hev du set korleis Ahab audmykjer seg for meg? For di han audmykjer seg, skal eg ikkje lata ulukka koma i hans livstid; men i hans sons tid skal eg lata ulukka koma yver huset hans.»Select 1 Kings 21:29
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation