2 Kings 18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1I det tridje styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason vart Hizkia Ahasson konge i Juda.Select 2 Kings 18:1
2Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og ni og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abi Zakarjadotter.Select 2 Kings 18:2
3Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt so som David, far hans, hadde gjort.Select 2 Kings 18:3
4Han fekk burt offerhaugarne, slo sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-stolparne, og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for honom, og dei kalla honom Nehustan.Select 2 Kings 18:4
5På Herren, Israels Gud, leit han. Millom alle Juda-kongarne fanst ikkje maken hans, korkje fyre eller etter honom.Select 2 Kings 18:5
6Han heldt seg til Herren, veik ikkje frå honom, men heldt hans bod, som Herren hadde bode Moses.Select 2 Kings 18:6
7Og Herren var med honom so han hadde framgang i alt han tok seg fyre. Han fall ifrå assyrarkongen og vilde ikkje vera tenaren hans.Select 2 Kings 18:7
8Og so vann han filistarane og tok landet alt til Gaza og bygdi derikring, frå minste vakttårnet til fastaste borgi.Select 2 Kings 18:8
9I fjorde styringsåret åt kong Hizkia - det var sjuande styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason - drog assyrarkongen Salmanassar upp og kringsette Samaria.Select 2 Kings 18:9
10Dei tok byen då tri år var lidne; i det sette styringsåret åt Hizkia og det niande styringsåret åt Hosea, kongen i Israel, vart Samaria teken.Select 2 Kings 18:10
11Assyrarkongen førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah og ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media.Select 2 Kings 18:11
12Det var av di dei ikkje høyrde på Herren, sin Gud, men braut hans pakt, alt det som Moses, Herrens tenar, hadde bode; dei korkje høyrde eller livde etter deim.Select 2 Kings 18:12
13I det fjortande styringsåret åt kong Hizkia drog assyrarkongen Sankerib upp og hertok alle faste borger i Juda.Select 2 Kings 18:13
14Juda-kongen Hizkia sende då bod til Lakis til assyrarkongen med dei ordi: «Eg hev synda; snu um att frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera:» Assyrarkongen lagde då på Hizkia, Juda-kongen, åtte hundrad vågar sylv og åtteti vågar gull.Select 2 Kings 18:14
15Hizkia gav ut alt sylvet som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden.Select 2 Kings 18:15
16Samstundes braut Hizkia laus gullet på dørerne i Herrens tempel og av dørstolparne som Hizkia, Juda-kongen, hadde klædt med gull, og gav det til assyrarkongen.Select 2 Kings 18:16
17Men so sende assyrarkongen Tartan og Rabsaris og Rabsake med ein stor her frå Lakis mot kong Hizkia i Jerusalem, og dei drog upp og kom til Jerusalem. Då dei hadde fare upp og var komne dit, stana dei attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen.Select 2 Kings 18:17
18Då dei kravde å få tala med kongen, gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til deim.Select 2 Kings 18:18
19Rabsake sagde med deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: Kva er det for tru som gjer deg so traust?Select 2 Kings 18:19
20du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg?Select 2 Kings 18:20
21Ja, det er sant: du lit på Egyptarland, den brotna røyrstaven, som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle som lit på honom.Select 2 Kings 18:21
22Og svarar de meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt, då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne i Jerusalem.»Select 2 Kings 18:22
23Gjer då eit veddemål med herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar, um du kann skaffa folk til å rida på deim.Select 2 Kings 18:23
24Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira!Select 2 Kings 18:24
25Trur de det er Herrens uvitande, når eg kjem hit og øydelegg denne staden? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»»Select 2 Kings 18:25
26Eljakim Hilkiason og Sebna og Joah sagde då til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.»Select 2 Kings 18:26
27«Nei,» svara Rabsake; «det er ikkje til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til dei folki som sit på muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!»Select 2 Kings 18:27
28So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi på jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar!Select 2 Kings 18:28
29So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å hjelpa dykk ut or mi hand!Select 2 Kings 18:29
30Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelpar oss for visst; han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.»Select 2 Kings 18:30
31Høyr ikkje på Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de få eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre, og drikka vatn kvar or sin eigen brunn,Select 2 Kings 18:31
32til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar, eit land med oljetre og honning. So skal de liva og sleppa døy. Høyr ikkje på Hizkia! Han narrar dykk når han segjer: «Herren bergar oss.»Select 2 Kings 18:32
33Tru nokon av folke-gudarne berga sitt land for assyrarkongen?Select 2 Kings 18:33
34Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? kvar er gudarne åt Sefarvajim og Hena og Ivva, eller hev dei berga Samaria ut or mi hand?Select 2 Kings 18:34
35Kven av alle gudarne i alle land hev berga sitt land or mi hand? Skulde då Herren berga Jerusalem ut or mi hand?»»Select 2 Kings 18:35
36Folket tagde, svara honom ikkje eit ord: for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!»Select 2 Kings 18:36
37Eljakim Hilkiason, drottseten, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, kanslaren, kom då attende til Hizkia med sundrivne klæde, og melde honom ordi hans Rabsake.Select 2 Kings 18:37
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation