2 Kings 19
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus.Select 2 Kings 19:1
2Han sende drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson,Select 2 Kings 19:2
3med dei ordi: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda.Select 2 Kings 19:3
4Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»Select 2 Kings 19:4
5Då hirdmennerne frå Hizkia kom til Jesaja,Select 2 Kings 19:5
6sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde då trælarne åt assyrarkongen spotta meg!Select 2 Kings 19:6
7Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»Select 2 Kings 19:7
8Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis.Select 2 Kings 19:8
9Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:Select 2 Kings 19:9
10«Seg so med Hizkia, Juda-kongen: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen!Select 2 Kings 19:10
11Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt mot alle landi; at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan?Select 2 Kings 19:11
12Kunde folke-gudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan, Haran, Resef eller Edens-folki i Telassar?Select 2 Kings 19:12
13Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen yver Sefarvajimbyen, yver Hena og Ivva?»»Select 2 Kings 19:13
14Hizkia tok brevet frå sendebodi og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn.Select 2 Kings 19:14
15Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi.Select 2 Kings 19:15
16Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende, og svivyrde den livande Gud!Select 2 Kings 19:16
17Herre, det er sant: assyrarkongen hev øydt ut folki og deira land,Select 2 Kings 19:17
18kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein; difor kunde dei øydast.Select 2 Kings 19:18
19Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!»Select 2 Kings 19:19
20Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Bøni di hev eg høyrt um hjelp mot Sanherib, Assur-kongen.Select 2 Kings 19:20
21So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.Select 2 Kings 19:21
22Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage.Select 2 Kings 19:22
23Ved sendebodi hædde du Herren og sagde: Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressarne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste skogen;Select 2 Kings 19:23
24eg borar meg brunnar og vatn drikk eg hjå framande folk; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar.»Select 2 Kings 19:24
25Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.Select 2 Kings 19:25
26Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som gras på marki og grøne urter, som vokstrar på taket som moldaks i bryddande åker.Select 2 Kings 19:26
27Eg veit når du sit, og gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.Select 2 Kings 19:27
28Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din, og vikjer deg heim att den vegen du kom.Select 2 Kings 19:28
29Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne, men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim.Select 2 Kings 19:29
30Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil og ovantil ber han si frukt.Select 2 Kings 19:30
31For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette.Select 2 Kings 19:31
32Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skal han skjota nokor pil der inn. Ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han.Select 2 Kings 19:32
33Den vegen som han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen kjem han ikkje inn, so segjer Herren.Select 2 Kings 19:33
34Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»»Select 2 Kings 19:34
35Det hende seg den natti at Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle ligjande lik.Select 2 Kings 19:35
36Då tok assyrarkongen Sankerib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.Select 2 Kings 19:36
37Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg Adrammelek og Sareser honom ned med sverd; dei kom seg undan til Araratslandet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Kings 19:37
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation