2 Kings 21
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, fem og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hefsiba.Select 2 Kings 21:1
2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-borni.Select 2 Kings 21:2
3Han bygde upp att dei offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde lagt i øyde, og reiste altar for Ba’al og laga Astarte-bilæte, liksom Ahab, Israels-kongen, hadde gjort, og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.Select 2 Kings 21:3
4Ja, han bygde altar i Herrens hus, der som Herren hadde sagt: «Til Jerusalem vil eg festa namnet mitt.»Select 2 Kings 21:4
5I båe tuni kring Herrens hus bygde han altar for heile himmelheren.Select 2 Kings 21:5
6Han vigde son sin i elden og for med spådom og trolldom, og tinga folk til å mana fram draugar og spåvette. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og harma honom.Select 2 Kings 21:6
7Astarte-bilætet som han hadde laga, sette han i det huset som Herren hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.Select 2 Kings 21:7
8Eg vil ikkje meir lata Israel flakka heimlaus burt frå landet eg gav federne deira. Berre dei gjer og heldt seg etter alle mine bod og etter heile lovi som Moses, tenaren min, gav deim!»Select 2 Kings 21:8
9Men dei lydde ikkje. Manasse forførde deim, so dei stelte seg verre enn dei folki Herren hadde øydt ut for Israels-borni.Select 2 Kings 21:9
10Då tala Herren ved tenarane sine, profetarne, soleis:Select 2 Kings 21:10
11«Av di Manasse, Juda-kongen, hev drive med desse avstyggjelege skikkarne, verre enn alt det amoritarne gjorde fyre hans tid, og forført med sine steingudar ogso Juda til å synda,Select 2 Kings 21:11
12so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg sendar ulukka yver Jerusalem og Juda, so det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer det.Select 2 Kings 21:12
13Eg spanar same mælesnori yver Jerusalem som yver Samaria, og nyttar same vegtloddet som yver Ahabs hus. Eg turkar burt Jerusalem, liksom ein turkar av eit fat og so snur det upp ned.Select 2 Kings 21:13
14Eg støyter ifrå meg deim som er att av arvluten min, og gjev deim i fiendevald, so dei vert til ran og til herfang for alle sine fiendar.Select 2 Kings 21:14
15Og det av di dei hev gjort det som vondt er i mine augo, og jamt harma meg frå den dagen federne deira drog ut or Egyptarland og til den dag i dag.»»Select 2 Kings 21:15
16Manasse let og skuldlaust blod renna, i so stor mengd at Jerusalem vart fyllt av det frå ende til annan, umfram den syndi at han forførde Juda til å gjera det som vondt var i Herrens augo.Select 2 Kings 21:16
17Det som elles er å fortelja um Manasse, um det han gjorde og um hans synd, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.Select 2 Kings 21:17
18Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd i slottshagen, i Uzzas hage. Og Amon, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Kings 21:18
19Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge; tvo år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mesullemet Harusdotter, frå Jotba.Select 2 Kings 21:19
20Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans;Select 2 Kings 21:20
21han fylgde i alt fotefari til far sin, og tente steingudarne som far hans hadde tent, og bad til deim.Select 2 Kings 21:21
22Han vende seg frå Herren, sin fedregud, og gjekk ikkje på Herrens veg.Select 2 Kings 21:22
23Amons hirdmenner samansvor seg og drap kongen i huset hans.Select 2 Kings 21:23
24Landsfolket slo i hel deim som hadde samansvore seg saman mot Amon, og tok Josia, son hans, til konge i staden hans.Select 2 Kings 21:24
25Det som elles er å fortelja um Amon, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.Select 2 Kings 21:25
26Han vart gravlagd i gravi i Uzzias hage. Josia, son hans, vart konge i staden hans.Select 2 Kings 21:26
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation