Lamentations 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.Select Lamentations 3:1
2Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.Select Lamentations 3:2
3Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.Select Lamentations 3:3
4Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.Select Lamentations 3:4
5Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.Select Lamentations 3:5
6I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.Select Lamentations 3:6
7Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.Select Lamentations 3:7
8Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.Select Lamentations 3:8
9Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.Select Lamentations 3:9
10Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.Select Lamentations 3:10
11Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.Select Lamentations 3:11
12Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.Select Lamentations 3:12
13Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.Select Lamentations 3:13
14Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.Select Lamentations 3:14
15Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.Select Lamentations 3:15
16Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.Select Lamentations 3:16
17Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.Select Lamentations 3:17
18Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»Select Lamentations 3:18
19Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska.Select Lamentations 3:19
20Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.Select Lamentations 3:20
21Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:Select Lamentations 3:21
22Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.Select Lamentations 3:22
23Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.Select Lamentations 3:23
24Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.Select Lamentations 3:24
25Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.Select Lamentations 3:25
26Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.Select Lamentations 3:26
27Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,Select Lamentations 3:27
28at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,Select Lamentations 3:28
29at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von -Select Lamentations 3:29
30at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.Select Lamentations 3:30
31For Herren støyter ikkje æveleg burt.Select Lamentations 3:31
32For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.Select Lamentations 3:32
33For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.Select Lamentations 3:33
34At dei krasar under fot alle fangar i landet,Select Lamentations 3:34
35at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,Select Lamentations 3:35
36at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt?Select Lamentations 3:36
37Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud?Select Lamentations 3:37
38Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?Select Lamentations 3:38
39Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!Select Lamentations 3:39
40Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!Select Lamentations 3:40
41Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!Select Lamentations 3:41
42Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.Select Lamentations 3:42
43Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.Select Lamentations 3:43
44I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.Select Lamentations 3:44
45Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.Select Lamentations 3:45
46Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.Select Lamentations 3:46
47Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.Select Lamentations 3:47
48Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.Select Lamentations 3:48
49Mitt auga sirenn, roar seg ikkje,Select Lamentations 3:49
50fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.Select Lamentations 3:50
51Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.Select Lamentations 3:51
52Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.Select Lamentations 3:52
53Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.Select Lamentations 3:53
54Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»Select Lamentations 3:54
55Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.Select Lamentations 3:55
56Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.Select Lamentations 3:56
57Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»Select Lamentations 3:57
58Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.Select Lamentations 3:58
59Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!Select Lamentations 3:59
60Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.Select Lamentations 3:60
61Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,Select Lamentations 3:61
62det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.Select Lamentations 3:62
63Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.Select Lamentations 3:63
64Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.Select Lamentations 3:64
65Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.Select Lamentations 3:65
66Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.Select Lamentations 3:66
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation