Skip to content
Church.wiki
Lamentations

Lamentations 5

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde!Select Lamentations 5:1

2Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner.Select Lamentations 5:2

3Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor.Select Lamentations 5:3

4Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.Select Lamentations 5:4

5Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild.Select Lamentations 5:5

6Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød.Select Lamentations 5:6

7Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar.Select Lamentations 5:7

8Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.Select Lamentations 5:8

9Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark.Select Lamentations 5:9

10Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn.Select Lamentations 5:10

11Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda.Select Lamentations 5:11

12Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad.Select Lamentations 5:12

13Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.Select Lamentations 5:13

14Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.Select Lamentations 5:14

15Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.Select Lamentations 5:15

16Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda!Select Lamentations 5:16

17Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme -Select Lamentations 5:17

18for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring.Select Lamentations 5:18

19Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.Select Lamentations 5:19

20Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange?Select Lamentations 5:20

21Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt!Select Lamentations 5:21

22For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.Select Lamentations 5:22

Next: Ezekiel 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Lamentations

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.