Jeremiah 16
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herrens ord kom til meg; han sagde:Select Jeremiah 16:1
2Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få deg søner og døtter på denne staden.Select Jeremiah 16:2
3For so segjer Herren um dei sønerne og døtterne som vert fødde på denne staden, og um deira møder som føder deim, og um deira feder som fær deim i dette landet:Select Jeremiah 16:3
4Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.Select Jeremiah 16:4
5For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga og barma deg med deim og ikkje ynkast yver deim. For eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.Select Jeremiah 16:5
6Og dei skal døy, store og små, i dette landet, ingen skal jorda deim; og dei skal ikkje barma seg yver deim og rispa seg i holdet eller raka seg snaude i kruna for deira skuld.Select Jeremiah 16:6
7Og dei skal ikkje brjota brød åt nokon til trøyst i sorgi etter ein avliden og ikkje gjeva nokon trøystestaupet å drikka yver far han eller mor hans.Select Jeremiah 16:7
8I gjestebod skal du ikkje heller ganga og sitja der og eta og drikka.Select Jeremiah 16:8
9For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, framfor dykkar augo og i dykkar dagar let eg på denne staden kverva burt fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur.Select Jeremiah 16:9
10Når du då kunngjer for dette folket alle desse ordi, og dei segjer med deg: «Kvi hev Herren varsla all denne store ulukka yver oss, og kva er misgjerningi vår og kva er syndi vår som me hev forsynda oss med mot Herren, vår Gud?»Select Jeremiah 16:10
11då skal du segja med deim: «For di federne dykkar vende seg frå meg, segjer Herren, og gjekk etter andre gudar og tente deim og tilbad deim, men meg vende dei seg ifrå, og lovi mi heldt dei ikkje.Select Jeremiah 16:11
12Og de for verre åt enn federne dykkar; for sjå, kvar einaste av dykk ferdast etter dykkar vonde harde hjarta og høyrde ikkje på meg.Select Jeremiah 16:12
13Difor vil eg kasta dykk ut or dette landet til eit land som de ikkje kjenner, korkje de eller federne dykkar. Og der skal de tena andre gudar dag og natt, for eg vil ikkje gjera miskunn med dykk.»Select Jeremiah 16:13
14Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja: «So visst som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet,»Select Jeremiah 16:14
15men: «So sant som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Norderlandet og ut or alle dei landi som han hadde drive deim burt til.» For eg vil leida deim attende til landet deira, det som eg gav federne deira.Select Jeremiah 16:15
16Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, segjer Herren, og dei skal fiska deim. Og sidan sender eg bod etter mange veidemenner, og dei skal veida deim burt frå kvart eit fjell på kvar ein haug og i bergskortorne.Select Jeremiah 16:16
17For eg held auga med alle vegarne deira; dei er ikkje løynde for mi åsyn, og misgjerningarne deira er ikkje dulde for mine augo.Select Jeremiah 16:17
18Og fyrst vil eg lata deim bøta tvifelt for deira misgjerning og synd, av di dei vanhelga landet mitt med dei daude skrottarne av styggetingi sine og fyllte odelsjordi mi med ufyseskapen sin.Select Jeremiah 16:18
19Herre, min styrke og mi vern og mi livd på naudar-dagen! Til deg skal heidningfolk koma frå endarne av jordi. Og dei skal segja: «Berre lygn fekk federne våre fenge i arv, fåfenglege avgudar, gagnløysor alle saman.Select Jeremiah 16:19
20Kann mannen gjera seg gudar? - slikt er då ikkje gudar.»Select Jeremiah 16:20
21Difor, sjå, eg vil lata deim kjenna det, denne gongen vil eg lata deim kjenna mi hand og mitt velde, so dei skal få vita at namnet mitt er Herren.Select Jeremiah 16:21
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain