Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 20

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Pashur Immersson, presten, som var yver-tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia spå dette.Select Jeremiah 20:1

2Då slo Pashur profeten Jeremia og sette honom i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.Select Jeremiah 20:2

3Men dagen etter slepte Pashur Jeremia laus or stokken. Då sagde Jeremia med honom: «Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.Select Jeremiah 20:3

4For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei rædsla for deg sjølv og for alle venerne dine, og dei skal falla for fiendesverd midt framfor dine augo. Og alt Juda vil eg gjeva i Babel-kongens hand, og han skal føra deim i utlægd til Babel og slå deim med sverd.Select Jeremiah 20:4

5Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev stræva i hop og alle deira eignaluter og alle skattarne åt Juda-kongarne - det vil eg gjeva i henderne på deira fiendar. Og dei skal rana deim og taka deim og føra deim til Babel.Select Jeremiah 20:5

6Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus skal verta fangar. Og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venerne dine, som du spådde lygn for.»Select Jeremiah 20:6

7Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka, du bruka magti på meg og vann. Eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.Select Jeremiah 20:7

8For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa, for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.Select Jeremiah 20:8

9Difor sagde eg: «Eg vil ikkje koma honom i hug og ikkje lenger tala i hans namn.» Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.Select Jeremiah 20:9

10For eg høyrde mange baktala - rædsla rundt i kring: «Klaga honom, lat oss ganga og klaga honom!» Alle dei menner eg livde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla: «Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på honom og hemna oss på honom.»Select Jeremiah 20:10

11Men Herren er med meg lik ei veldug kjempa, difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna. Dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje for visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.Select Jeremiah 20:11

12Og Herren, allhers drott, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta. Eg skal få sjå din hemn på deim; for eg hev lagt saki mi fram for deg.Select Jeremiah 20:12

13Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjæli åt armingen ut or henderne på illgjerningsmenner.Select Jeremiah 20:13

14Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!Select Jeremiah 20:14

15Forbanna vere den mann som kom med det gledebodet til far min: «Du hev fenge ein son,» og soleis gledde honom storleg.Select Jeremiah 20:15

16Med den mannen verte det likeins som med dei byarne Herren støytte i koll utan trege, og han høyre naudrop um morgonen og hergny ved høgstdags leite,Select Jeremiah 20:16

17for di han ikkje drap meg alt i moderlivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmelegt!Select Jeremiah 20:17

18Kvi kom eg då ut or moderlivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?Select Jeremiah 20:18

Next: Jeremiah 21Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.