Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 21

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då kong Sidkia sende honom Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma’asejason og let segja:Select Jeremiah 21:1

2«Spør Herren for oss, for Nebukadressar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren kunde gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.»Select Jeremiah 21:2

3Då sagde Jeremia med deim: So skal de segja med Sidkia:Select Jeremiah 21:3

4So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende dei stridsvåpn som er i henderne dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldæarane, som kringset dykk, og eg vil samla deim midt i denne byen.Select Jeremiah 21:4

5Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og med harm og med stor gram.Select Jeremiah 21:5

6Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.Select Jeremiah 21:6

7Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.Select Jeremiah 21:7

8Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:Select Jeremiah 21:8

9Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut og gjev seg til kaldæarane som kringset dykk, han skal liva, og han skal njota sitt liv til eit herfang.Select Jeremiah 21:9

10For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i henderne på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna honom upp i eld.Select Jeremiah 21:10

11Og med Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord,Select Jeremiah 21:11

12du Davids hus! So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld, og brenna so ingen kann sløkkja! - for illgjerningarne dykkar.Select Jeremiah 21:12

13Sjå, eg skal finna deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta, segjer Herren - de som segjer: «Kven kann koma ned yver oss, kven kann koma inn i bustaderne våre?»Select Jeremiah 21:13

14Og eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld i skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.Select Jeremiah 21:14

Next: Jeremiah 22Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.