Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 39

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men dette hende då Jerusalem var teke: I det niande styringsåret åt Juda-kongen Sidkia, i den tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, og all hans her til Jerusalem og kringsette det.Select Jeremiah 39:1

2I det ellevte styringsåret åt Sidkia, i den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, braut dei inn i byen.Select Jeremiah 39:2

3Og alle hovdingarne åt Babel-kongen kom og sette seg i Midporten: Nergal-Sareser, Samgar-Nebu, Sarsekim, den øvste hirdmannen, Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle dei hine hovdingarne åt Babel-kongen.Select Jeremiah 39:3

4Men då Sidkia, Juda-kongen, og alle hermennerne såg deim, flydde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murarne, og heldt leidi til øydemarki.Select Jeremiah 39:4

5Men kaldæarheren sette etter deim og nådde Sidkia på Jerikomoarne. Og dei tok honom og førde honom upp til Nebukadnessar, Babel-kongen, i Ribla i Hamat-bygdi, og han sagde domen yver honom.Select Jeremiah 39:5

6Og Babel-kongen let sønerne åt Sidkia drepa i Ribla framfor augo på honom. Sameleis let Babel-kongen alle stormennerne i Juda drepa.Select Jeremiah 39:6

7Men Sidkia let han blinda og binda med tvo koparlekkjor og føra honom til Babel.Select Jeremiah 39:7

8Og kaldæarane brende upp i eld både kongsgarden og folkehuset, og murarne kring Jerusalem reiv dei ned.Select Jeremiah 39:8

9Og Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, førde burt til Babel den leivningen av folket som var etter i byen, og rømingarne som hadde gjeve seg med honom, og den leivningen av folket som dessforutan var att.Select Jeremiah 39:9

10Men av ålmugefolk som inkje åtte, let Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, nokre etter i Judalandet, og gav deim samstundes vinhagar og åkrar.Select Jeremiah 39:10

11Og Nebukadressar, Babel-kongen, gav Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, påbod um Jeremia og sagde:Select Jeremiah 39:11

12Tak honom og sjå til med honom og gjer honom ikkje noko ilt, men gjer med honom so som han segjer med deg!Select Jeremiah 39:12

13Då sende Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, og Nebusazban, den øvste hirdmannen, og Nergal-Sareser, den øvste av vismennerne, og alle hine Babel-kongens hovdingarSelect Jeremiah 39:13

14- dei sende bod og let henta Jeremia frå vaktgarden og gav honom til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, at han skulde taka honom med seg heim; soleis vart han då verande hjå folket.Select Jeremiah 39:14

15Men til Jeremia hadde Herrens ord kome medan han sat innestengd i vaktgarden; han hadde sagt:Select Jeremiah 39:15

16Gakk og seg til ætiopen Ebed-Melek: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma det eg hev tala mot denne byen, til ulukka og ikkje til lukka, og det skal henda framfor augo dine den dagen.Select Jeremiah 39:16

17Men deg vil eg berga den dagen, segjer Herren, og du skal ikkje verta gjeven i henderne på dei menner som du ræddast.Select Jeremiah 39:17

18For eg vil lata deg sleppa undan, og du skal ikkje falla for sverd, men vinna ditt liv til herfang, av di du leit på meg, segjer Herren.Select Jeremiah 39:18

Next: Jeremiah 40Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.