Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 41

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So hende det i den sjuande månaden, at Ismael, son åt Netanja Elisamason, av kongsætti, ein av kongens stormenner, og ti mann med honom, kom til Gedalja Ahikamsson i Mispa, og dei fekk seg mat saman der i Mispa.Select Jeremiah 41:1

2Då stod Ismael Netanjason upp, og dei ti mann som var med honom, og dei slo Gedalja, son åt Ahikam Safansson, i hel med sverd, og drap honom som Babel-kongen hadde sett yver landet.Select Jeremiah 41:2

3Ismael slo og i hel alle dei jødarne som var med Gedalja i Mispa, og dei kaldæarane, stridsmennerne som var der.Select Jeremiah 41:3

4Men andre dagen etter han hadde drepe Gedalja, fyrr nokon visste det,Select Jeremiah 41:4

5kom det menner frå Sikem, frå Silo og Samaria, åtteti i alt, med avraka skjegg og sundrivne klæde og med merke rispa i holdet, og dei hadde med seg grjonoffer og røykjelse til å bera fram i Herrens hus.Select Jeremiah 41:5

6Og Ismael Netanjason gjekk ut imot deim frå Mispa, gråtande alt med han gjekk. Og då han møtte deim, sagde han med deim: «Kom til Gedalja Ahikamsson!»Select Jeremiah 41:6

7Men då dei var komne midt inn i byen, tok Ismael Netanjason og dei mennerne som var med honom og drap deim og kasta deim i brunnen.Select Jeremiah 41:7

8Men millom deim var det ti menner som sagde med Ismael: «Drep oss ikkje! for me hev forråd gøymde ute på marki: kveite og bygg og olje og honning.» Då let han deim vera og drap deim ikkje med brørne deira.Select Jeremiah 41:8

9Og brunnen som Ismael kasta liki i av alle dei menner som han hadde drepe umfram Gedalja, var den som kong Asa hadde gjort til vern mot Baesa, Israels-kongen; den fyllte Ismael Netanjason med drepne menner.Select Jeremiah 41:9

10Og Ismael førde burt all leivningen av folket i Mispa: Kongsdøtterne og alt folket som var att i Mispa, som Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde sett Gedalja Ahikamsson yver - deim førde Ismael Netanjason burt fangar og gjekk av stad og vilde fara yver til Ammons-sønerne.Select Jeremiah 41:10

11Men då Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, frette alle dei illverki som Ismael Netanjason hadde gjort,Select Jeremiah 41:11

12tok dei alle mennerne og gjekk av stad og vilde strida mot Ismael Netanjason. Og dei fann honom attmed det store vatnet som er i Gibeon.Select Jeremiah 41:12

13Men då alt folket som var med Ismael, såg Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, gleddest dei.Select Jeremiah 41:13

14Dei snudde då, alt folket som Ismael hadde ført fangar frå Mispa, og gjekk tilbake til Johanan Kareahsson.Select Jeremiah 41:14

15Men Ismael Netanjason slapp undan frå Johanan med åtte mann og for til Ammons-sønerne.Select Jeremiah 41:15

16Og Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom, tok med seg alle som var att av folket, deim or Mispa som han hadde vunne att frå Ismael Netanjason, etter han hadde drepe Gedalja Ahikamsson: stridsmenner og kvende og born og hirdmenner, som han hadde ført tilbake frå Gibeon.Select Jeremiah 41:16

17Dei for då av stad, men stana i Kimham-herbyrget, som er attmed Betlehem, og vilde halda fram med ferdi til EgyptarlandSelect Jeremiah 41:17

18- for kaldæarane skuld, for dei ottast deim av di Ismael Netanjason hadde drepe Gedalja Ahikamsson, som Babel-kongen hadde sett yver landet.Select Jeremiah 41:18

Next: Jeremiah 42Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.