Jeremiah 51
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai.Select Jeremiah 51:1
2Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta henne og dei skal tøma landet hennar. For dei skal setja på henne frå alle leider på ulukkedagen.Select Jeremiah 51:2
3Lat bogeskyttaren spenna boge mot den som boge spenner og mot den som briskar seg i brynja, og spar ikkje hennar drengjer, bannstøyt all hennar her!Select Jeremiah 51:3
4Då skal daudslegne menner falla i Kaldæarlandet og stungne menner på gatorne.Select Jeremiah 51:4
5For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, av Herren, allhers drott, endå landet deira var fullt av skuld mot Israels Heilage.Select Jeremiah 51:5
6Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort.Select Jeremiah 51:6
7Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.Select Jeremiah 51:7
8Dåtteleg datt Babel og vart krasa. Barma dykk yver henne! Henta balsam for hennar plåga! Kann henda det kunde verta lækt.Select Jeremiah 51:8
9«Me etla å lækja Babel, men ho var ulækjande. Lat oss skilja lag med henne, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver henne rekk upp til himmelen og når radt upp i skyerne.Select Jeremiah 51:9
10Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!»Select Jeremiah 51:10
11Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.Select Jeremiah 51:11
12Reis hermerke mot Babel-murarne, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, skipa til umsåtmenner! For Herren hev både tenkt ut og sett i verk det han hev tala mot Babel-buarne.Select Jeremiah 51:12
13Du som bur attmed mykje vatn, rik på skattar, komen er din ende, di låke vinning hev nått sitt mål.Select Jeremiah 51:13
14Herren, allhers drott, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hadde fyllt deg med menneskje som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast sigerrop yver deg.Select Jeremiah 51:14
15Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit.Select Jeremiah 51:15
16Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine.Select Jeremiah 51:16
17Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det, kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bilæti sine; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, og det er ingi ånd i deim.Select Jeremiah 51:17
18Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.Select Jeremiah 51:18
19Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt og fenge seg si odelsrætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.Select Jeremiah 51:19
20Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike.Select Jeremiah 51:20
21Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar.Select Jeremiah 51:21
22Og med deg krasa eg mann og kvinna, og med deg krasa eg gamall og ung, og med deg krasa eg svein og møy.Select Jeremiah 51:22
23Og med deg krasa eg hyrding og hjordi hans, og med deg krasa eg pløgjar og pløgje-uksarne hans, og med deg krasa eg jarlar og landshovdingar.Select Jeremiah 51:23
24Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.Select Jeremiah 51:24
25Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.Select Jeremiah 51:25
26Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein, men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.Select Jeremiah 51:26
27Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor!Select Jeremiah 51:27
28Vig folkeslag til strid imot henne, kongarne or Media, jarlarne og landshovdingarne der, og alt det land dei råder yver!Select Jeremiah 51:28
29Då dirrar jordi og bivrar, for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.Select Jeremiah 51:29
30Kjemporne i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgerne. Deira kraft er kvorvi, kvende er dei vortne. Det er kveikt eld på hennar bustader, hennar bommar er brotne sunder.Select Jeremiah 51:30
31Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,Select Jeremiah 51:31
32at vadi er hersette, vatsdemmorne turrbrende med eld og hermennerne forfærde.Select Jeremiah 51:32
33For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, og skurdonni vil koma for henne.Select Jeremiah 51:33
34«Nebukadressar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken sin med forkunnmaten min, burt hev han drive oss.Select Jeremiah 51:34
35Valdsverki mot meg, ja, mot mitt kjøt, koma yver Babel!» segje Sion-buarne, «og mitt blod yver Kaldæa-folket! segje Jerusalem.Select Jeremiah 51:35
36Difor, so segjer Herren: Sjå, eg fører saki og hemnar meg for deg, og eg let hennar hav turkast upp og hennar kjelda torna.Select Jeremiah 51:36
37Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der.Select Jeremiah 51:37
38Alle burar dei som ungløvor, gnaldrar som løve-kvelpar.Select Jeremiah 51:38
39Når dei då er upp-øste, vil eg gjera eit drykkjelag åt deim og gjera deim drukne, so dei fagnar seg og sovnar i ein æveleg svevn og ikkje vaknar, segjer Herren.Select Jeremiah 51:39
40Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar.Select Jeremiah 51:40
41Kor er Sesak vorte teke, og «fagnaden for all jordi» herteken! Kor er Babel hev vorte til ei skræma millom folki!Select Jeremiah 51:41
42Havet gjekk yver Babel, ho vart løynt av dei marmande båror.Select Jeremiah 51:42
43Byarne hennar er vorte til ei audn, eit turt land og ei øydemark, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn fer framum.Select Jeremiah 51:43
44Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og.Select Jeremiah 51:44
45Far ut derifrå, mitt folk, so dei kann berga kvar sitt liv for Herrens brennande vreide!Select Jeremiah 51:45
46Og ver ikkje hugfalne og rædde for dei tiender som spørst i landet! For det vil koma ei tiend eitt året og ei onnor eit anna år, og urett vil råda på jordi, drott vil risa mot drott.Select Jeremiah 51:46
47Difor, sjå, dei dagar skal koma då eg heimsøkjer gudebilæti hjå Babel, og alt landet hennar skal verta til skammar; og alle skal falla daudslegne hjå henne.Select Jeremiah 51:47
48Då skal himmel og jord fagna seg yver Babel, for nordanfrå skal tynaren koma yver henne, segjer Herren.Select Jeremiah 51:48
49Babel skal og falla, dei slegne menner av Israel, liksom det og for Babel hev falle slegne menner på heile jordi.Select Jeremiah 51:49
50De som slapp undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Minnest Herren frå burtlengste land, og kom Jerusalem i hug.Select Jeremiah 51:50
51Me vart til skammar, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlit, for framande hadde kome seg inn yver heilagdomarne i Herrens hus.Select Jeremiah 51:51
52Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja.Select Jeremiah 51:52
53Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren.Select Jeremiah 51:53
54Naudrop er høyrande frå Babel og stort tjon frå Kaldæarlandet.Select Jeremiah 51:54
55For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket hjå henne. Og bårorne deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.Select Jeremiah 51:55
56For ein tynar kjem yver henne, yver Babel, og kjemporne hennar vert fanga, bogarne deira sundbrotne. For Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han gjev full løn.Select Jeremiah 51:56
57Og eg gjer deim drukne, hennar hovdingar og vismenner, hennar jarlar og landshovdingar og kjempor, og dei skal sovna av i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.Select Jeremiah 51:57
58So segjer Herren, allhers drott: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portarne, dei høge, brende med eld, so folk skal ha mødt seg for inkje og folkeslag for elden, og stræva seg trøytte.Select Jeremiah 51:58
59Den fyresegni som profeten Jeremia gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel med Sidkia, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. Men Seraja var kvartermeister.Select Jeremiah 51:59
60Og Jeremia skreiv i ei bok, all den ulukka som skulde koma yver Babel - alle desse ordi som er skrivne um Babel.Select Jeremiah 51:60
61Og Jeremia sagde med Seraja: «Når du kjem til Babel, då sjå til at du les alle desse ordi!»Select Jeremiah 51:61
62Og du skal segja: «Herre, du hev sjølv tala um denne staden at du vil rydja honom ut, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, for til ævelege audner skal han verta.»Select Jeremiah 51:62
63Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne midt ut i FratSelect Jeremiah 51:63
64og segja: «Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att,» for den ulukka som eg let koma yver byen, og trøytte skal dei verta.» Hit når Jeremia-ordi.Select Jeremiah 51:64
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation