Skip to content
Church.wiki
Jeremiah

Jeremiah 52

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då vart konge, og elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jeremiadotter, frå Libna.Select Jeremiah 52:1

2Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.Select Jeremiah 52:2

3Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.Select Jeremiah 52:3

4I det niande styringsåret hans, den tiande dagen i den tiande månaden, kom Nebukadressar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.Select Jeremiah 52:4

5Byen vart kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår.Select Jeremiah 52:5

6I den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.Select Jeremiah 52:6

7Då vart bymuren gjenombroten, og alt stridsfolket rømde og for ut or byen um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.Select Jeremiah 52:7

8Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.Select Jeremiah 52:8

9Dei fanga då kongen og førde honom upp til Babel-kongen, til Ribla i Hamatlandet, og han sagde upp domen yver honom.Select Jeremiah 52:9

10Og Babel-kongen drap sønerne åt Sidkia medan han såg på det; sameleis drap han alle hovdingarne i Juda der i Ribla.Select Jeremiah 52:10

11So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag.Select Jeremiah 52:11

12Og i den femte månaden, den tiande dagen i månaden, i det nittande styringsåret åt Babel-kongen Nebukadressar, kom livvakthovdingen Nebuzaradan, som stod for Babel-kongens åsyn, til Jerusalem.Select Jeremiah 52:12

13Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på.Select Jeremiah 52:13

14Og heile kaldæarheren som var med livvakthovdingen, reiv ned alle murarne ikring Jerusalem.Select Jeremiah 52:14

15Og sume av ålmugen og resten av folket som var att i byen, og rømingarne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og den flokken som var att dessforutan, førde livvakthovdingen Nebuzaradan burt.Select Jeremiah 52:15

16Nokre av fatigfolket let livvakthovdingen Nebuzaradan vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.Select Jeremiah 52:16

17Koparsulorne som høyrde til Herrens hus, og fotstykki og koparhavet som var i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og førde all koparen av deim til Babel.Select Jeremiah 52:17

18Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og blodbollarne og skålerne og alle kopargognere som dei hadde til gudstenesta.Select Jeremiah 52:18

19Og livvakthovdingen tok fati og glodpannorne og blodbollarne og oskefati og ljosestakarne og fati og bollarne, alt som var av gull og sylv.Select Jeremiah 52:19

20Tvo sulor og eit hav og dei tolv koparuksarne som var under fotstykki, som kong Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.Select Jeremiah 52:20

21Um sulorne er å segja: Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner gjekk ikring henne, og ho var fire fingrar tjukk og innhol.Select Jeremiah 52:21

22Og det var eit sulehovud på henne av kopar, og det eine sulehovudet var fem alner høgt, og det var krot og granateple rundt ikring på sulehovudet, alt av kopar. Og likeins var det på den andre sula og granateple.Select Jeremiah 52:22

23Og granatepli var seks og nitti utetter; alle granatepli på krotverket var eit hundrad rundt ikring.Select Jeremiah 52:23

24Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og den næst øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,Select Jeremiah 52:24

25og frå byen tok han ein hirdmann som var uppsynsmann yver herfolket, og sju mann som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren til herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti mann av landsfolket som han råka på i byen;Select Jeremiah 52:25

26deim tok livvakthovdingen Nebuzaradan og førde deim til Babel-kongen i Ribla.Select Jeremiah 52:26

27Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.Select Jeremiah 52:27

28Dette er det folket som Nebukadressar førde burt: I det sjuande året tri tusund og tri og tjuge jødar;Select Jeremiah 52:28

29i Nebukadressars attande år åtte hundrad og tvo og tretti sjæler frå Jerusalem;Select Jeremiah 52:29

30i Nebukadressars tri og tjugande år førde Nebuzaradan, livvakthovdingen, burt av jødarne sju hundrad og fem og fyrti sjæler; fire tusund og seks hundrad sjæler i alt.Select Jeremiah 52:30

31I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, den fem og tjugande dagen i den tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og tok honom ut or fangehuset.Select Jeremiah 52:31

32Han helsa honom venleg og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.Select Jeremiah 52:32

33Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.Select Jeremiah 52:33

34Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad til kvar dag det han trong for dagen, alt til sin døyande dag, heile si livetid.Select Jeremiah 52:34

Next: Lamentations 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Jeremiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.