Revelation 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Jesu Kristi openberring, som Gud gav honom til å visa tenarane sine det som snart skal hendast; og han sende bod ved engelen sin og synte det i teikn for tenaren sin Johannes,Select Revelation 1:1
2som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.Select Revelation 1:2
3Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ord og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!Select Revelation 1:3
4Johannes til dei sju kyrkjelydarne i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå honom som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,Select Revelation 1:4
5og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongarne på jordi! Honom som elskar oss og hev fria oss frå synderne våre med sitt blod,Select Revelation 1:5
6og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom tilhøyrer æra og magti i all æva! Amen.Select Revelation 1:6
7Sjå, han kjem med skyerne, og kvart auga skal sjå honom, ogso dei som hev gjenomstunge honom, og alle ætter på jordi skal gråta sårt for honom. Ja, Amen!Select Revelation 1:7
8Eg er A og Å, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmegtige.Select Revelation 1:8
9Eg, Johannes, som er dykkar bror og luthavande i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos, for Guds ord og Jesu vitnemål skuld.Select Revelation 1:9
10Eg var burtrykt i Anden på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sagde:Select Revelation 1:10
11«Det du ser, skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydarne, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!»Select Revelation 1:11
12Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,Select Revelation 1:12
13og midt imillom dei sju ljosestakarne ein som var lik ein menneskjeson, klædd i ein fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte,Select Revelation 1:13
14og hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,Select Revelation 1:14
15og føterne hans var liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.Select Revelation 1:15
16Og han hadde sju stjernor i si høgre hand, og eit tvieggja kvast sverd gjekk ut or munnen hans, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.Select Revelation 1:16
17Og då eg såg honom, fall eg ned for føterne hans som ein daud; og han lagde si høgre hand på meg og sagde:Select Revelation 1:17
18«Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den livande; og eg var daud, og sjå, eg er livande i all æva! Og eg hev lyklarne til dauden og til helheimen.Select Revelation 1:18
19Skriv då det du såg, både det som er, og det som skal henda heretter,Select Revelation 1:19
20løyndomen med dei sju stjernorne som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakarne! Dei sju stjernorne er englar for dei sju kyrkjelydarne, og dei sju ljosestakarne er dei sju kyrkjelydarne.»Select Revelation 1:20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation