Revelation 13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og eg såg eit dyr stiga upp or havet, det hadde ti horn og sju hovud, og på horni sine ti krunor, og på hovudi sine spottings namn.Select Revelation 13:1
2Og dyret som eg såg, var likt ein leopard, og føterne på det var som på ein bjørn, og gapet som eit løvegap. Og draken gav det si kraft og sin kongsstol og stor magt.Select Revelation 13:2
3Og eg såg eit av hovudi på det liksom såra til ulivs; og ulivssåret vart lækt, og all jordi undrast og fylgde etter dyret;Select Revelation 13:3
4og dei tilbad draken for di han hadde gjeve dyret magt, og dei tilbad dyret og sagde: «Kven er lik dyret, og kven kann strida mot det?»Select Revelation 13:4
5Og det vart gjeve det ein munn som tala store og spottande ord, og det vart gjeve det magt til å halda på i tvo og fyrti månader.Select Revelation 13:5
6Og det opna munnen sin til spottingar mot Gud, til å spotta hans namn og hans bustad, deim som bur i himmelen.Select Revelation 13:6
7Og det vart det gjeve å føra strid mot dei heilage og vinna på deim, og det vart gjeve det magt yver kvar ætt og kvar landslyd og kvart tungemål og kvart folk.Select Revelation 13:7
8Og alle som bur på jordi, skal tilbeda det, kvar den som ikkje frå verdi vart grunnlagd, hev fenge namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lambet som er slagta.Select Revelation 13:8
9Dersom nokon hev øyra, so høyre han!Select Revelation 13:9
10Um nokon fører i fengsel, han skal i fengsel. Um nokon drep med sverd, han skal drepast med sverd. Her er tolmodet og trui til dei heilage.Select Revelation 13:10
11Og eg såg eit anna dyr stiga upp or jordi, og det hadde tvo horn liksom eit lamb, og tala liksom ein drake.Select Revelation 13:11
12Og det brukar heile magti åt det fyrste dyret for augo på det, og gjer at jordi og dei som bur på henne, tilbed det fyrste dyret, som ulivssåret vart lækt på.Select Revelation 13:12
13Og det gjer store teikn, so det endå fær eld til å falla ned frå himmelen på jordi for augo på menneski.Select Revelation 13:13
14Og det dårar deim som bur på jordi, for dei teikn skuld som det hev fenge magt til å gjera for augo på dyret, med di det segjer til deim som bur på jordi, at dei skal gjera eit bilæte åt det dyret som hev såret av sverdet og vart i live.Select Revelation 13:14
15Og det fekk magt til å gjeva dyrebilætet livs-ande, so dyrebilætet jamvel kunde tala, og gjera so, at alle dei som ikkje vilde tilbeda dyrebilætet, skulde drepast.Select Revelation 13:15
16Og det gjer at alle, både små og store, rike og fatige, frie og trælar, fær eit merke på si høgre hand eller på panna si,Select Revelation 13:16
17og at ingen kann kjøpa eller selja, utan den som hev merket, namnet på dyret eller talet for dette namnet.Select Revelation 13:17
18Her er det visdomen! Den som hev vit, han rekne ut talet til dyret; for det er talet for eit menneskje, og talet for det er seks hundrad og seks og seksti.Select Revelation 13:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation