Revelation 17
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, kom og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg domen yver den store skjøkja, som sit ved dei mange vatni,Select Revelation 17:1
2henne som kongarne på jordi hev hora med, og dei som bur på jordi, vart drukne av hennar hordoms vin.»Select Revelation 17:2
3Og han førde meg i åndi burt i ei øydemark, og eg såg ei kvinna sitja på eit skarlakraudt dyr, som var fullt med spottings namn og hadde sju hovud og ti horn.Select Revelation 17:3
4Og kvinna var klædd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perlor; ho hadde i handi ei gullskål full med styggedom og med ureinska av hordomen hennar.Select Revelation 17:4
5Og på panna hennar var skrive eit namn, ein løyndom: Babylon, den store, mor åt skjøkjorne og styggedomarne på jordi.Select Revelation 17:5
6Og eg såg kvinna fullskjenkt med blodet av dei heilage og med blodet av Jesu vitne, og eg undra meg storleg då eg såg henne.Select Revelation 17:6
7Og engelen sagde til meg: «Kvi undra du deg? Eg vil segja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne, og som hev dei sju hovudi og ti horni.Select Revelation 17:7
8Det dyret du såg, det var og er ikkje, og det skal stiga upp or avgrunnen og fara burt til undergang; og dei som bur på jordi, som ikkje hev namni sine skrivne i livsens bok frå verdi vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att.Select Revelation 17:8
9Her spørst det um vitet som hev visdom! Dei sju hovudi er sju fjell, som kvinna sit på,Select Revelation 17:9
10og dei er sju kongar; dei fem er falne, den eine er til, den andre er ikkje komen endå; og når han kjem, skal han berre halda seg ei stutt tid.Select Revelation 17:10
11Og dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande og er og ein av dei sju og fer burt til undergang.Select Revelation 17:11
12Og dei ti horni som du såg, er ti kongar som ikkje endå hev fenge rike, men dei fær magt som kongar ein time saman med dyret.Select Revelation 17:12
13Desse hev same tanken, og si kraft og magt gjev dei til dyret.Select Revelation 17:13
14Desse skal strida mot Lambet, og Lambet skal vinna yver deim, for det er herren yver herrar og kongen yver kongar, og dei som er med det, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»Select Revelation 17:14
15Og han sagde til meg: «Dei vatni som du såg der skjøkja sit, er landslydar og flokkar og folk og tungemål.Select Revelation 17:15
16Og dei ti horni som du såg, og dyret, desse skal hata skjøkja og gjera henne aud og naki, og kjøtet hennar skal dei eta, og henne sjølv skal dei brenna upp med eld.Select Revelation 17:16
17For Gud gav deim i hjarta å fullføra hans tanke og fullføra den eine og same tanken og gjeva dyret sitt rike, til dess Guds ord er fullførde.Select Revelation 17:17
18Og kvinna som du såg, er den store byen som hev kongeveldet yver kongarne på jordi.»Select Revelation 17:18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation