Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 18

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen; han hadde stor magt, og jordi vart upplyst av hans herlegdom.Select Revelation 18:1

2Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, og ho hev vorte bustad for vonde ånder, eit fangebol for alle ureine ånder, og eit fangebol for alle ureine og styggjelege fuglar.Select Revelation 18:2

3For av hennar hordoms vreide-vin hev alle folki drukke, og kongarne på jordi hev drive hor med henne, og kjøpmennerne på jordi hev vorte rike av hennar ovlivnads fylla.»Select Revelation 18:3

4Og eg høyrde ei onnor røyst frå himmelen, som sagde: «Gakk ut frå henne, de mitt folk, so de ikkje skal verta medskuldige i synderne hennar og ikkje få noko av plågorne hennar!Select Revelation 18:4

5For synderne hennar når heilt upp til himmelen, og Gud hev kome hennar urettferdige gjerningar i hug.Select Revelation 18:5

6Gjev henne att som ho hev gjeve, og gjev henne tvifaldt etter hennar gjerningar! Skjenk henne tvifaldt i den skåli som ho hev skjenkt i!Select Revelation 18:6

7So mykje som ho hev æra seg sjølv og livt i ovlivnad, so mykje pinsla og sorg gjeve de henne! For ho segjer i sitt hjarta: «Eg sit som dronning og er ikkje enkja, og sorg skal eg ikkje sjå.»Select Revelation 18:7

8Difor skal plågorne hennar koma på ein dag: daude og sorg og svolt, og ho skal verta uppbrend med eld; for sterk er Herren Gud, som dømde henne.Select Revelation 18:8

9Og kongarne på jordi som hev drive hor og ovlivnad med henne, skal gråta og barma seg yver henne, når dei ser røyken av hennar brand,Select Revelation 18:9

10medan dei stend langt undan av otte for pinsla hennar og segjer: «Usæl, usæl du store by Babylon, du sterke by! at domen din er komen i ein time!»Select Revelation 18:10

11Og kjøpmennerne på jordi græt og syrgjer yver henne, av di ingen lenger kjøper varorne deira:Select Revelation 18:11

12varor av gull og sylv og dyre steinar og perlor og kostelegt linty og purpur og silke og skarlak og allslag angande tre og allslag kjerald av filsbein og allslag kjerald av dyrverdigt tre og kopar og jarn og marmorSelect Revelation 18:12

13og kanel og hårsalve og røykjelse og myrra og røykjeverk og vin og olje og fint mjøl og kveite og storfe og sauer og hestar og vogner og trælar og menneskje-sjæler.Select Revelation 18:13

14Og den frukt som di sjæl hadde lyst til, er komi burt frå deg, og alt det feite og glimande er kome burt frå deg, og aldri skal nokon finna det meir.Select Revelation 18:14

15Dei som handlar med desse ting, som hev vorte rike ved henne, skal standa langt undan av otte for pinsla hennar og gråta og syrgjaSelect Revelation 18:15

16og segja: «Usæl, usæl den store byen, som var klædd i kostelegt linty og purpur og skarlak, og lyste av gull og dyre steinar og perlor; at so stor ein rikdom er øydd i ein time!»Select Revelation 18:16

17Og kvar styremann og kvar skipsførar og alle sjøfolk og alle dei som fer på havet, stod langt undanSelect Revelation 18:17

18og ropa då dei såg røyken av hennar brand, og sagde: «Kven er lik den store byen?»Select Revelation 18:18

19Og dei kasta dust på hovudi sine og ropa med gråt og sorg og sagde: «Usæl, usæl den store byen, der alle som hadde skip på havet, vart rike av hennar eignaluter, at ho vart lagd i øyde i ein time!»Select Revelation 18:19

20Fagna deg yver henne, du himmel, og de apostlar og profetar, av di Gud hev halde dom for dykk yver henne!»Select Revelation 18:20

21Og ein veldug engel lyfte ein stein som ein stor kvernstein og kasta honom i havet og sagde: «So skal Babylon, den store byen, med hast verta nedkasta og ikkje meir verta funnen.Select Revelation 18:21

22Og ingen ljod av harpespelarar og songarar og fløytelåtarar og lurblåsarar skal lenger verta høyrd i deg, og ingen som driv nokor kunst, skal lenger verta funnen i deg, og ingen ljod av kvern lenger verta høyrd i deg.Select Revelation 18:22

23Og ljos av lampa skal ikkje lenger skina i deg, og røyst av brudgom og brur ikkje lenger verta høyrd i deg; for dine kjøpmenner var storkararne på jordi, av di alle folk vart dåra ved din trolldom.Select Revelation 18:23

24Og i henne vart det funne blod av profetar og heilage og av alle deim som er myrde på jordi.»Select Revelation 18:24

Next: Revelation 19Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.