Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 2

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesus: Dette segjer han som held dei sju stjernorne i si høgre hand, han som gjeng midt imillom dei sju gull-ljosestakarne:Select Revelation 2:1

2Eg veit um gjerningarne dine, og arbeidet ditt, og tolmodet ditt, og at du ikkje kann lida dei vonde, og du hev prøvt deim som segjer dei er apostlar, og ikkje er det, og hev funne at dei er ljugarar;Select Revelation 2:2

3og du hev tolmod og hev havt mykje å bera for mitt namn skuld, og du hev ikkje vorte trøytt.Select Revelation 2:3

4Men eg hev imot deg at du hev uppgjeve din fyrste kjærleik.Select Revelation 2:4

5Kom difor i hug kvar du er fallen ifrå, og vend um og gjer dei fyrste gjerningarne! elles kjem eg snart yver deg og vil flytja ljosestaken din frå sin stad, um du ikkje umvender deg.Select Revelation 2:5

6Men dette hev du, at du hatar gjerningarne åt nikolaitarne, som eg og hatar.Select Revelation 2:6

7Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis.Select Revelation 2:7

8Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette segjer den fyrste og den siste, han som var daud, og vart livande:Select Revelation 2:8

9Eg veit um trengsla di og fatigdomen din - men du er rik - og spotti frå deim som segjer at dei er jødar, og ikkje er det, men er Satans synagoga.Select Revelation 2:9

10Ottast ikkje for det du skal lida! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, so de skal verta freista, og de skal hava trengsla i ti dagar. Ver tru til dauden, so skal eg gjeva deg livsens kruna!Select Revelation 2:10

11Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, han skal slett ikkje lida mein av den andre dauden!Select Revelation 2:11

12Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamum: Dette segjer han som hev det tvieggja kvasse sverdet:Select Revelation 2:12

13Eg veit kvar du bur: der som Satans kongsstol er, og du held fast ved mitt namn, og du forneitta ikkje mi tru, endå i dei dagar då Antipas var mitt true vitne, han som vart ihelslegen hjå dykk, der Satan bur.Select Revelation 2:13

14Men eg hev nokre få ting imot deg: at du hev sume der som held fast ved Bileams læra, han som lærde Balak å leggja støyt for Israels born, å eta avgudsoffer og gjera hor.Select Revelation 2:14

15Soleis hev du og sume som held fast ved læra åt nikolaitarne.Select Revelation 2:15

16Vend um! men um du ikkje det gjer, kjem eg snart yver deg og vil strida mot deim ved min munns sverd.Select Revelation 2:16

17Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne: Den som sigrar, honom vil eg gjeva å eta av det løynde manna, og eg vil gjeva honom ein kvit stein og eit nytt namn skrive på steinen, som ingen kjenner, utan den som fær det!Select Revelation 2:17

18Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette segjer Guds son, han som hev augo som eldsloge og føter som skinande kopar:Select Revelation 2:18

19Eg veit um dine gjerningar og din kjærleik og di tenesta og di tru og tolmodet ditt og dei siste gjerningarne dine, som er fleire enn dei fyrste.Select Revelation 2:19

20Men eg hev imot deg at du let kvinna Jezabel råda, ho som segjer at ho er ei profetkvinna, og ho lærer og dårar mine tenarar til å driva hor og eta avgudsoffer.Select Revelation 2:20

21Og eg gav henne tid til å venda um, men ho vil ikkje venda um frå sin hordom.Select Revelation 2:21

22Sjå, eg kastar henne på sjukelægje, og deim som driv hor med henne, i stor trengsla, dersom dei ikkje vender um frå sine gjerningar.Select Revelation 2:22

23Og borni hennar vil eg rykkja burt ved daude, og alle kyrkjelydarne skal sanna at eg er den som ransakar nyro og hjarto, og eg vil gjeva dykk kvar etter dykkar gjerningar.Select Revelation 2:23

24Men eg segjer dykk andre i Tyatira, alle som ikkje hev denne læra, og som ikkje kjenner Satans dypter - som dei segjer -: Eg vil ikkje leggja nokor onnor byrd på dykk.Select Revelation 2:24

25Berre haldt fast ved det de hev, til dess eg kjem!Select Revelation 2:25

26Og den som sigrar og tek vare på mine gjerningar alt til enden, honom vil eg gjeva magt yver heidningarne,Select Revelation 2:26

27og han skal styra deim med jarnstav, liksom ein knasar kruskjerald, so som eg og hev fenge det av min Fader;Select Revelation 2:27

28og eg vil gjeva honom morgonstjerna.Select Revelation 2:28

29Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»Select Revelation 2:29

Next: Revelation 3Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.