Revelation 7
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire hyrno av jordi og heldt dei fire vindarne på jordi, so ingen vind skulde blåsa yver jordi eller yver havet eller på noko tre.Select Revelation 7:1
2Og eg såg ein annan engel, som steig upp frå solovringi og hadde den livande Guds innsigle; og han ropa med høg røyst til dei fire englar som det var gjeve å skada jordi og havet,Select Revelation 7:2
3og sagde: «Skad ikkje jordi eller havet eller trei, fyrr me fær sett innsigle på vår Guds tenarar i deira pannor!»Select Revelation 7:3
4Og eg høyrde talet på deim som hadde fenge innsigle: eit hundrad og fire og fyrti tusund med innsigle utav alle ætter av Israels born:Select Revelation 7:4
5av Juda-ætti tolv tusund med innsigle, av Ruben-ætti tolv tusund, av Gads-ætti tolv tusund,Select Revelation 7:5
6av Assers-ætti tolv tusund, av Naftali-ætti tolv tusund, av Manasse-ætti tolv tusund,Select Revelation 7:6
7av Simeons-ætti tolv tusund, av Levi-ætti tolv tusund, av Issakars-ætti tolv tusund,Select Revelation 7:7
8av Sebulons-ætti tolv tusund, av Josefs-ætti tolv tusund, og av Benjamins-ætti tolv tusund med innsigle.Select Revelation 7:8
9Deretter såg eg, og sjå: ein stor skare som ingen kunde telja, av alle folk og ætter og landslydar og tungemål, som stod framfor kongsstolen og Lambet, klædde i lange kvite klæde og med palmegreiner i henderne,Select Revelation 7:9
10og dei ropa med høg røyst og sagde: «Frelsa høyrer til vår Gud, som sit på kongsstolen, og Lambet.»Select Revelation 7:10
11Og alle englarne stod rundt um stolen og um dei eldste og dei fire livendi, og dei fall ned for stolen på sitt andlit og tilbad GudSelect Revelation 7:11
12og sagde: «Amen! Velsigning og æra og visdom og takk og pris og magt og styrke høyrer til vår Gud i all æva! Amen.»Select Revelation 7:12
13Og ein av dei eldste tok til ords og sagde til meg: «Desse som er klædde i dei lange kvite kjolarne, kven er dei, og kvar er dei komne ifrå?»Select Revelation 7:13
14Eg sagde til honom: «Herre, du veit det.» Og han sagde til meg: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei hev tvege kjolarne sine og gjort deim kvite i blodet av Lambet.Select Revelation 7:14
15Difor er dei for Guds kongsstol og tener honom dag og natt i hans tempel; og han som sit på stolen, skal reisa sin bustad yver deim.Select Revelation 7:15
16Dei skal ikkje lenger hungra og ikkje lenger tyrsta; ikkje heller skal soli falla på deim eller nokon hite;Select Revelation 7:16
17for Lambet som er midt framfor kongsstolen, skal vakta deim og leida deim til livsens vatskjeldor, og Gud skal turka kvar tåra frå augo deira.»Select Revelation 7:17
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation