Skip to content
Church.wiki
John

John 10

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;Select John 10:1

2Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauerne.Select John 10:2

3Honom let dørvaktaren upp åt, og sauerne høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn, og leider deim ut.Select John 10:3

4Når han hev fenge ut alle sauerne sine, gjeng han fyre deim, og sauerne fylgjer honom; for dei kjenner målet hans.Select John 10:4

5Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for honom, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.»Select John 10:5

6Denne likningi fortalde Jesus deim, men dei skyna ikkje kva det var han tala til deim um.Select John 10:6

7So tala Jesus atter til deim og sagde: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauerne.Select John 10:7

8Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauerne høyrde ikkje på deim.Select John 10:8

9Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.Select John 10:9

10Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slagta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.Select John 10:10

11Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauerne.Select John 10:11

12Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauerne ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauerne vera der dei er, og rømer, og ulven røvar deim og jagar deim frå einannan;Select John 10:12

13so gjer leigekaren av di han er ein leigekar, og ikkje hev umsut for sauerne.Select John 10:13

14Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,Select John 10:14

15liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauerne.Select John 10:15

16Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; deim og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.Select John 10:16

17Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att.Select John 10:17

18Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev magt til å setja det til, og eg hev magt til å taka det att; det bodet fekk eg av far min.»Select John 10:18

19Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødarne.Select John 10:19

20Mange av deim sagde: «Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på honom?»Select John 10:20

21Andre sagde: «Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde?»Select John 10:21

22So høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem. Det var vinter,Select John 10:22

23og Jesus gjekk ikring i templet i Salomons-halli.Select John 10:23

24Då flokka jødarne seg rundt ikring honom og sagde til honom: «Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut!»Select John 10:24

25Jesus svara: «Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i far min’s namn, dei vitnar um meg,Select John 10:25

26men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.Select John 10:26

27Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner deim, og dei fylgjer meg,Select John 10:27

28og eg gjev deim eit ævelegt liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi.Select John 10:28

29Far min, som hev gjeve meg deim, er større enn alle, og ingen kann riva deim ut or handi åt Far min.Select John 10:29

30Eg og Faderen er eitt.»Select John 10:30

31På nytt lag tok jødarne upp steinar og vilde steina honom.Select John 10:31

32Då tok Jesus til ords og sagde: «Mange gilde verk hev eg synt dykk frå far min; - kva for eitt av deim er det de steinar meg for?»Select John 10:32

33«For eit gildt verk steinar me deg ikkje,» svara jødarne, «men for gudsspotting, for di du som er eit menneskje, gjer deg sjølv til Gud.»Select John 10:33

34Jesus svara: «Stend det ’kje skrive i lovi dykkar: «Eg hev sagt: «De er gudar?»»Select John 10:34

35Når no lovi kallar deim som Guds ord kom til, for gudar - og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje -Select John 10:35

36segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: «Du spottar Gud,» for di eg sagde: «Eg er Guds son?»Select John 10:36

37Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje!Select John 10:37

38Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg, og eg i honom!»Select John 10:38

39Då freista dei atter å gripa honom, men han slapp utor henderne deira.Select John 10:39

40So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.Select John 10:40

41Og kom mange til honom, og dei sagde: «Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sagde um denne mannen, var sant.»Select John 10:41

42Og mange trudde på honom der.Select John 10:42

Next: John 11Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.