Skip to content
Church.wiki
John

John 16

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast.Select John 16:1

2Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det,Select John 16:2

3og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.Select John 16:3

4Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk.Select John 16:4

5Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?»Select John 16:5

6men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg.Select John 16:6

7Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk.Select John 16:7

8Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom.Select John 16:8

9Um synd av di dei ikkje trur på meg;Select John 16:9

10um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir;Select John 16:10

11um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd.Select John 16:11

12Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no.Select John 16:12

13Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.Select John 16:13

14Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk.Select John 16:14

15Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk.Select John 16:15

16Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.»Select John 16:16

17Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg,» og: «Eg gjeng til Faderen?»Select John 16:17

18Kva meiner han med det: ei liti stund,» sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.»Select John 16:18

19Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?»Select John 16:19

20Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.Select John 16:20

21Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.Select John 16:21

22Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.Select John 16:22

23Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.Select John 16:23

24Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!Select John 16:24

25Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.Select John 16:25

26Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk;Select John 16:26

27for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.Select John 16:27

28Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.»Select John 16:28

29Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning.Select John 16:29

30No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.»Select John 16:30

31«No trur de!» svara Jesus;Select John 16:31

32«sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg.Select John 16:32

33Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»Select John 16:33

Next: John 17Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.