John 18
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinarne sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinarne inn i.Select John 18:1
2Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinarne sine.Select John 18:2
3Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinarne åt øvsteprestarne og farisæarane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpn.Select John 18:3
4Som no Jesus visste alt som skulde koma yver honom, gjekk han fram og sagde til deim: «Kven leitar de etter?»Select John 18:4
5«Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med deim.Select John 18:5
6Då han no sagde til deim: «Det er eg», for dei attende og fall til jordi.Select John 18:6
7So spurde han deim endå ein gong: «Kven leitar de etter?» - «Jesus frå Nasaret,» sagde dei.Select John 18:7
8«Eg hev alt sagt dykk at det er eg,» svara Jesus; «er det då meg de leitar etter, so lat desse få ganga!»Select John 18:8
9Soleis skulde det sannast det ordet som han hadde sagt: «Eg hev ikkje mist nokon av deim du gav meg.»Select John 18:9
10Simon Peter hadde eit sverd; han drog det og hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.Select John 18:10
11Då sagde Jesus til Peter: «Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg ’kje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?»Select John 18:11
12So tok dei og batt Jesus - det var vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinarne åt jødarne.Select John 18:12
13Dei førde honom fyrst til Annas; for han var verfar åt Kajafas, som var øvsteprest det året.Select John 18:13
14Det var Kajafas som hadde gjeve jødarne den rådi, at det var best ein mann døydde for folket.Select John 18:14
15Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;Select John 18:15
16men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.Select John 18:16
17So segjer portnargjenta til Peter: «Du skulde vel ikkje og vera ein av læresveinarne åt denne mannen?» «Nei,» svara han.Select John 18:17
18Huskararne og sveinarne hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå deim og vermde seg.Select John 18:18
19Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinarne hans og um læra hans.Select John 18:19
20Jesus svara: «Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødarne kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.Select John 18:20
21Kvi spør du meg? Spør deim som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til deim! Dei veit kva eg hev sagt.»Select John 18:21
22Då han sagde det, gav ein av sveinarne som stod innmed, Jesus eit slag i andlitet og sagde: «Svarar du øvstepresten so?»Select John 18:22
23«Hev eg sagt noko urett,» svara Jesus, «so prova at det er urett; men var det rett det eg sagde, kvi slær du meg då?»Select John 18:23
24So sende Annas han bunden av stad til Kajafas, øvstepresten.Select John 18:24
25Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sagde dei til honom: «Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinarne hans, du og?» Han neitta det og sagde: «Nei, det er eg ikkje.»Select John 18:25
26So segjer ein av huskararne åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: «Såg eg deg ikkje sjølv i lag med honom i hagen?»Select John 18:26
27Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.Select John 18:27
28Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.Select John 18:28
29So gjekk Pilatus ut til deim og sagde: «Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?»Select John 18:29
30«Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve honom yver til deg,» svara dei.Select John 18:30
31Då sagde Pilatus til deim: «Tak de honom og døm honom etter lovi dykkar!» «Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon,» svara jødarne.Select John 18:31
32Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.Select John 18:32
33So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sagde til honom: «Er du kongen yver jødarne?»Select John 18:33
34Jesus svara: «Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?»Select John 18:34
35«Er då eg ein jøde?» svara Pilatus; «folket ditt og øvsteprestarne hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?»Select John 18:35
36Jesus svara: «Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so vilde sveinarne mine strida for meg, so eg ikkje skulde koma i henderne på jødarne. Men no er ’kje riket mitt av denne verdi.»Select John 18:36
37«Men so er du då ein konge?» sagde Pilatus. Jesus svara: «Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi, at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.»Select John 18:37
38«Kva er sanning?» svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødarne og sagde til deim: «Eg finn ingi skuld hjå honom;Select John 18:38
39men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødarne fri?»Select John 18:39
40Men dei ropa alle på nytt: «Ikkje han, men Barabbas!» Barabbas, det var ein røvar.Select John 18:40
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation