Skip to content
Church.wiki
John

John 19

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då tok Pilatus og let deim hudfletta Jesus.Select John 19:1

2Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:Select John 19:2

3«Heil, konge yver jødarne!» og slo til honom i andlitet.Select John 19:3

4Pilatus gjekk ut att og sagde til deim: «Her kjem eg ut til dykk med honom, so de skal vita at eg ikkje finn nokor skuld hjå honom.»Select John 19:4

5So kom Jesus ut med klungerkransen på og purpurkåpa, og Pilatus segjer til deim: «Sjå det menneskjet!»Select John 19:5

6Med det same dei fekk sjå honom, øvsteprestarne og sveinarne deira, skreik dei: «Krossfest, krossfest!» Pilatus segjer til deim: «Tak de og krossfest honom! Eg finn ingi skuld hjå honom.»Select John 19:6

7Jødarne svara: «Me hev ei lov; etter den lyt han døy, for di han hev gjeve seg ut for Guds Son.»Select John 19:7

8Då Pilatus høyrde det ordet, vart han endå ræddare;Select John 19:8

9han gjekk inn att i borgi og spurde Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.Select John 19:9

10Pilatus segjer til honom: «Svarar du meg ikkje? Veit du ’kje at eg hev magt til å gjeva deg fri og hev magt til å krossfesta deg?»Select John 19:10

11Jesus svara: «Du hadde ingi magt yver meg, var det ’kje gjeve deg ovantil. Difor hev han større synd den som gav meg yver til deg.»Select John 19:11

12Frå den stundi vilde Pilatus gjerne gjeva honom fri. Men jødarne ropa: «Gjev du honom fri, er du ikkje ven med keisaren. Kvar den som gjer seg sjølv til konge, set seg upp imot keisaren.»Select John 19:12

13Då Pilatus høyrde dei ordi, førde han Jesus ut og sette seg i domarsætet, på den staden dei kallar Tavletilet - på hebraisk heiter det Gabbata -.Select John 19:13

14Det var då fyrebuingsdagen i påskehelgi, og var um lag den sette timen. So segjer han til jødarne: «Sjå her er kongen dykkar!»Select John 19:14

15Då ropa dei: «Burt, burt med honom! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» segjer Pilatus. «Me hev ingen konge utan keisaren,» svara øvsteprestarne.Select John 19:15

16Då gav han Jesus yver til deim, so han skulde krossfestast.Select John 19:16

17So tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin, og gjekk ut til Skallestaden dei kallar - på hebraisk kallast det Golgata -.Select John 19:17

18Der feste dei honom til krossen, og saman med honom tvo andre, ein på kvar sida, og Jesus midt imillom.Select John 19:18

19Pilatus skreiv og ei innskrift og sette på krossen; ho lydde so: Jesus frå Nasaret, kongen yver jødarne.Select John 19:19

20Den innskrifti las då mange av jødarne; for staden der Jesus vart krossfest, var tett utmed byen, og det var skrive på hebraisk og latin og gresk.Select John 19:20

21Då sagde øvsteprestarne åt jødarne til Pilatus: «Skriv ikkje: Kongen yver jødarne, men: Han sagde: «Eg er konge yver jødarne!»»Select John 19:21

22«Det eg hev skrive, hev eg skrive,» svara Pilatus.Select John 19:22

23Då hermennerne hadde fest Jesus til krossen, tok dei klædi hans og skifte i fire luter, ein for kvar hermann. Kjolen tok dei og. Kjolen var usauma og heilvoven alt ovantil;Select John 19:23

24difor sagde dei seg imillom: «Lat oss ikkje riva honom sund, men draga strå um kven som skal hava honom!» Soleis skulde skrifti sannast: «Dei skifte klædi mine millom seg, og kasta lut um kjolen min.» So gjorde no hermennerne.Select John 19:24

25Men innmed krossen åt Jesus stod mor hans og morsyster hans, Maria, kona hans Klopas, og Maria Magdalena.Select John 19:25

26Og då Jesus såg mor si, og såg at den læresveinen som han elska, stod der innmed, segjer han til mori: «Kvinna, der er son din!»Select John 19:26

27So segjer han til læresveinen: «Der er mor di!» Og frå den stundi tok læresveinen henne heim til seg.Select John 19:27

28Då visste Jesus at no var alt fullført, so skrifti skulde sannast; so segjer han: «Eg er tyrst.»Select John 19:28

29Det stod eit kjer der som var fullt av vineddik; so fyllte dei ein svamp med den ediken, og sette honom på ein bergmynte-stylk og heldt honom upp til munnen hans.Select John 19:29

30Då Jesus hadde fenge ediken, sagde han: «Det er fullført!» og han bøygde hovudet og gav andi si yver til Gud.Select John 19:30

31Etter di det no var fyrebuingsdagen, og liki ikkje måtte verta hangande på krossen um kviledagen - for den kviledagen var storheilag - so bad jødarne Pilatus at beini måtte brjotast sund på deim, og at dei måtte takast ned.Select John 19:31

32Då kom hermennerne og braut sund beini, både på den fyrste og den andre som hadde vorte krossfeste i hop med honom.Select John 19:32

33Då dei kom til Jesus, og såg at han alt var slokna, braut dei ikkje hans bein sund;Select John 19:33

34men ein av hermennerne stakk honom i sida med eit spjot, og straks kom det ut blod og vatn.Select John 19:34

35Dette vitnar ein som hev set det, og vitnemålet hans er sætande; han veit sjølv at han segjer sant, so de og må tru.Select John 19:35

36For dette hende av di Skrifti laut sannast: «Det skal ’kje brjotast sund eit bein på honom.»Select John 19:36

37Og eit anna skriftord att lyder so: «Dei skal sjå burt på honom som dei hev gjenomstunge.»Select John 19:37

38Sidan kom Josef frå Arimatæa, som var ein av læresveinarne åt Jesus, men dulde for det, av di han var rædd jødarne; han bad Pilatus um han måtte få taka likamen åt Jesus, og Pilatus gav honom lov til det. So kom han og henta likamen hans.Select John 19:38

39Nikodemus, han som fyrst var komen til honom um natti, kom og, og hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, um lag hundrad pund.Select John 19:39

40So tok dei likamen åt Jesus og sveipte honom med lindar og lagde dei angande kryddorne imillom, soleis som jødarne hev for vis når dei bur ein til likferd.Select John 19:40

41På den staden han vart krossfest var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som det endå aldri hadde vorte sett ned nokon i.Select John 19:41

42Der lagde dei då Jesus, av di det var fyrebuingsdagen åt jødarne, og gravi var nær innmed.Select John 19:42

Next: John 20Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.