John 7
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Sidan for Jesus kringum i Galilæa; han vilde ikkje ferdast kring i Judæa; for jødarne sat um og vilde drepa honom.Select John 7:1
2So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi.Select John 7:2
3Då sagde brørne hans til honom: «Flytt herifrå, og far til Judæa, so læresveinarne dine og kann få sjå dei verki du gjer!Select John 7:3
4For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!»Select John 7:4
5For brørne hans trudde ikkje på honom, dei heller.Select John 7:5
6Jesus svara: «Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid.Select John 7:6
7Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho, for di eg vitnar um henne, at gjerningarne hennar er vonde.Select John 7:7
8Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.»Select John 7:8
9Dette sagde han med deim, og vart verande i Galilæa.Select John 7:9
10Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd.Select John 7:10
11Jødarne leita no etter honom på høgtidi og sagde: «Kvar er han, denne mannen?»Select John 7:11
12Og det vart mykje mulling um honom millom folket; sume sagde: «Det er ein god mann!» andre sagde: «Nei, han forvillar folket!»Select John 7:12
13Men ingen tala fritt ut um honom; for dei var rædde jødarne.Select John 7:13
14Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde.Select John 7:14
15Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?»Select John 7:15
16Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Mi læra er ’kje mi, men hans som sende meg.Select John 7:16
17Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv.Select John 7:17
18Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt honom, er sannordig, og det finst ikkje urett i honom.Select John 7:18
19Hev ’kje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi. Kvi tenkjer de på å drepa meg?»Select John 7:19
20«Du er forgjord!» svara folket, «kven tenkjer på å drepa deg?»Select John 7:20
21Jesus svara deim: «Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver.Select John 7:21
22Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneskje på kviledagen.Select John 7:22
23Når no eit menneskje fær umskjeringi på kviledagen, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneskje godt att på ein kviledag?Select John 7:23
24Døm ikkje etter det som er utvendes, men lat domen dykkar vera rettferdig!»Select John 7:24
25Det var nokre av Jerusalems-buarne som sagde: «Er ’kje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa?Select John 7:25
26og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias?Select John 7:26
27Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.»Select John 7:27
28Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner;Select John 7:28
29eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.»Select John 7:29
30Då vilde dei gripa honom; men ingen lagde hand på honom; for endå var ’kje tidi hans komi.Select John 7:30
31Men mange av folket trudde på honom og sagde: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?»Select John 7:31
32Farisæarane høyrde at folket mulla soleis um honom, og øvsteprestarne og farisæarane sende tenarar som skulde gripa honom.Select John 7:32
33Då sagde Jesus: «Endå eit lite bil er eg hjå dykk, so gjeng eg til honom som hev sendt meg;Select John 7:33
34de skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.»Select John 7:34
35So sagde jødarne seg imillom: «Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna honom? Tru han vil fara til deim som bur rundt ikring millom grækarane, og læra grækarane?Select John 7:35
36Kva meinte han med dei ordi han sagde: «De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?»»Select John 7:36
37Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: «Er det nokon som er tyrst, so lat honom koma til meg og drikka!Select John 7:37
38Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med livande vatn.»Select John 7:38
39Det sagde han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på honom; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.Select John 7:39
40Sume bland folket sagde då dei høyrde dei ordi: «Dette er visst og sant profeten.»Select John 7:40
41Andre sagde: «Det er Messias.» Men sume sagde: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilæa?Select John 7:41
42Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt, og kjem frå Betlehem, den grendi som David åtte heime i?»Select John 7:42
43Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld,Select John 7:43
44og sume av deim var huga til å gripa honom, men ingen lagde hand på honom.Select John 7:44
45Då tenararne kom attende, sagde øvsteprestarne og farisæarane til deim: «Kvi tok de honom ikkje med dykk?»Select John 7:45
46Tenarane svara: «Aldri hev noko menneskje tala som honom!»Select John 7:46
47Då sagde farisæarane: «Hev de og vorte dåra?Select John 7:47
48Er det nokon av dei styrande som trur på honom, eller av farisæarane?Select John 7:48
49Men denne mugen, som ikkje kjenner lovi, er forbanna.»Select John 7:49
50Segjer Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira:Select John 7:50
51«Dømer lovi vår nokon mann, fyrr dei hev høyrt på honom og fenge vita kva han gjer?»Select John 7:51
52«Er du og frå Galilæa, kann henda?» svara dei. «Granska etter, so fær du sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilæa!»Select John 7:52
53So gjekk kvar heim til seg.Select John 7:53
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation