Skip to content
Church.wiki
John

John 8

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Jesus gjekk til Oljeberget.Select John 8:1

2Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim.Select John 8:2

3Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honomSelect John 8:3

4og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.Select John 8:4

5Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?»Select John 8:5

6Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki.Select John 8:6

7Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!»Select John 8:7

8So lutte han seg ned att, og skreiv på marki.Select John 8:8

9Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der.Select John 8:9

10Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?»Select John 8:10

11«Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!»Select John 8:11

12So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.»Select John 8:12

13Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.»Select John 8:13

14Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.Select John 8:14

15De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen;Select John 8:15

16men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman.Select John 8:16

17Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter.Select John 8:17

18Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.»Select John 8:18

19«Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.»Select John 8:19

20Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi.Select John 8:20

21Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.»Select John 8:21

22«Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»»Select John 8:22

23Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi;Select John 8:23

24difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.»Select John 8:24

25«Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus.Select John 8:25

26«Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.»Select John 8:26

27Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um.Select John 8:27

28Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det.Select John 8:28

29Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.»Select John 8:29

30Då han tala so, trudde mange på honom.Select John 8:30

31So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine,Select John 8:31

32og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.»Select John 8:32

33«Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»»Select John 8:33

34Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi.Select John 8:34

35Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid.Select John 8:35

36Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie.Select John 8:36

37Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk.Select John 8:37

38Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.»Select John 8:38

39«Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde;Select John 8:39

40men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham.Select John 8:40

41De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!»Select John 8:41

42Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg.Select John 8:42

43«Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine!Select John 8:43

44De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.Select John 8:44

45Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje.Select John 8:45

46Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje?Select John 8:46

47Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.»Select John 8:47

48Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?»Select John 8:48

49Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg.Select John 8:49

50Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer.Select John 8:50

51Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.»Select John 8:51

52«No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.»Select John 8:52

53Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?»Select John 8:53

54Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud,Select John 8:54

55men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord.Select John 8:55

56Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.»Select John 8:56

57«Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!»Select John 8:57

58Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.»Select John 8:58

59Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.Select John 8:59

Next: John 9Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.