Skip to content
Church.wiki
2 John

2 John 1

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Den eldste til den utvalde fru og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,Select 2 John 1:1

2for den sanning skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:Select 2 John 1:2

3Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens son, i sanning og kjærleik!Select 2 John 1:3

4Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk bod av Faderen.Select 2 John 1:4

5Og no bed eg deg, fru, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.Select 2 John 1:5

6Og dette er kjærleiken, at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.Select 2 John 1:6

7For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt. Dette er forføraren og Antikrist.Select 2 John 1:7

8Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev arbeidt dykk til, men må få full løn!Select 2 John 1:8

9Den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, han hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.Select 2 John 1:9

10Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak honom ikkje inn i huset, og bjod honom ikkje velkomen!Select 2 John 1:10

11For den som byd honom velkomen, vert medskuldig med honom i hans vonde verk.Select 2 John 1:11

12Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so vår gleda kann verta fullkomi.Select 2 John 1:12

13Borni til di utvalde syster helsar deg.Select 2 John 1:13

Next: 3 John 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

2 John

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.