1 John 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom.Select 1 John 3:1
2Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er.Select 1 John 3:2
3Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein.Select 1 John 3:3
4Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot.Select 1 John 3:4
5Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom.Select 1 John 3:5
6Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom.Select 1 John 3:6
7Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig.Select 1 John 3:7
8Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk.Select 1 John 3:8
9Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud.Select 1 John 3:9
10På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin.Select 1 John 3:10
11For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre;Select 1 John 3:11
12ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige.Select 1 John 3:12
13Undra dykk ikkje, mine brør, um verdi hatar dykk!Select 1 John 3:13
14Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden.Select 1 John 3:14
15Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg.Select 1 John 3:15
16På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne.Select 1 John 3:16
17Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom!Select 1 John 3:17
18Mine born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning!Select 1 John 3:18
19Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn.Select 1 John 3:19
20For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.Select 1 John 3:20
21Mine kjære! dersom hjarta ikkje fordømer oss, so hev me fritt mod for Gud,Select 1 John 3:21
22og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad.Select 1 John 3:22
23Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss.Select 1 John 3:23
24Og den som held hans bod, han vert verande i honom og han i honom; og på dette veit me at han vert verande i oss, av den Ande som han hev gjeve oss.Select 1 John 3:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain