Job 10
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Mi sjæl er leid av livet mitt, eg gjev mi klaga lause taumar, vil tala i min såre hugverk.Select Job 10:1
2Til Gud eg segjer: «Døm meg ikkje; seg kvifor du imot meg strider!Select Job 10:2
3Finn du det godt å gjera vald, og øyda upp ditt eige verk, men lysa yver gudlaust råd?Select Job 10:3
4Er auga ditt av kjøt og blod? Ser du som menneskje plar sjå?Select Job 10:4
5Er dine dagar mennesk-dagar? Er dine år lik mannsens år?Select Job 10:5
6Med di mitt brot du leitar upp, og granskar etter syndi mi,Select Job 10:6
7endå du veit eg er uskuldig, og ingen bergar or di hand.Select Job 10:7
8Di hand hev skapt og dana meg fullt ut, og no vil du meg tyna?Select Job 10:8
9Hugs på, du forma meg som leir; no gjer du atter meg til mold!Select Job 10:9
10Som mjølk du let meg renna ut og let meg stivna liksom ost;Select Job 10:10
11Du klædde meg med hud og kjøt, fleitta bein og senar saman.Select Job 10:11
12Du gav meg både liv og miskunn, og verna um mitt andedrag.Select Job 10:12
13Men dette du i hjarta gøymde, eg veit det var i din tanke;Select Job 10:13
14Du vakta på meg um eg synda; du gav meg ikkje til mitt brot;Select Job 10:14
15um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, tord’ eg ei meg briska, av skjemsla mett, med naud for augom;Select Job 10:15
16For då du jaga meg som løva og let meg atter under sjå,Select Job 10:16
17du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her.Select Job 10:17
18Kvi drog du meg or morsliv fram? Kvi fekk eg ikkje usedd døy,Select Job 10:18
19lik ein som aldri til hev vore, og vart i grav frå morsliv lagt?Select Job 10:19
20Er ikkje mine dagar få? Haldt upp! Slepp meg, so eg litt glad kann verta,Select Job 10:20
21fyrr eg gjeng burt, og kjem ’kje att, til myrkre land med daudeskugge,Select Job 10:21
22eit land so myrkt som svarte natti, med daudeskugge og vanskipnad, der dagsljoset er som myrke natt!»»Select Job 10:22
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain