Skip to content
Church.wiki
Job

Job 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde:Select Job 11:1

2«Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett?Select Job 11:2

3Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla?Select Job 11:3

4Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.»Select Job 11:4

5Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg,Select Job 11:5

6og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi.Select Job 11:6

7Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa?Select Job 11:7

8Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du?Select Job 11:8

9Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv.Select Job 11:9

10Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom?Select Job 11:10

11Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting.Select Job 11:11

12Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann.Select Job 11:12

13Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breidaSelect Job 11:13

14og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld,Select Job 11:14

15då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje;Select Job 11:15

16då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.Select Job 11:16

17Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe;Select Job 11:17

18då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng.Select Job 11:18

19Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast.Select Job 11:19

20Men augo veiknar på dei vonde; dei hev ’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»Select Job 11:20

Next: Job 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.