Skip to content
Church.wiki

Job Chapter 12 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Job · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 25 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

욥기 12장은 소발의 첫 번째 말에 대한 욥의 대답이 시작되는 장이다. 욥은 친구들의 지혜를 비꼬고, 세상을 세우기도 하고 무너뜨리기도 하는 하나님의 주권을 길게 노래한다.

Jump to verse

12Job · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Då svara Job og sagde:
2«Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.
3Men eg hev vit so vel som de; eg ei til atters stend for dykk; kven kjenner ikkje dette fyrr?
4Til spott for venen min vert eg som bad til Gud og bønhøyrd vart. Til spott vert rettvis mann og ærleg.
5Vanvyrd ulukka! tenkjer trygg mann, vanvyrdnad ventar deim som vinglar.
6Valdsmenn bur roleg i sitt tjeld; trygge er dei som tergar Gud, dei som hev Gud i neven sin.
7Spør bølingen, han skal deg læra, og fugl i luft, han segja skal,
8og tal til jordi, ho skal læra, og fisk i hav, skal melda deg:
9Kven skynar ei på alt i hop, at Herrens hand hev skapa det?
10Kvar livand’ sjæl han hev i handi og åndi åt kvart menneskje.
11Vert ordi ei med øyra prøvde, som du med gomen maten smakar?
12Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit hjå deim som liver lenge.
13Hjå honom visdom er og kraft, hjå honom råd og dømekraft.
14Når han riv ned, kven byggjer upp? Når han set fast, kven løyser ut?
15Han stengjer vatnet, turkar det, slepper det, so det jordi øyder.
16Hjå honom kraft og klokskap er; han eig båd’ vegvill og vill-leidar;
17rådsherrar fører han som fangar, og domarar han gjer til dårar.
18Han løyser konge-styring upp, legg reip kring livet på deim sjølve.
19Han fører prestar plundra burt og øyder ut eld’-gamle ætter.
20Han mælet tek frå øvde talar og vitet frå dei gamle menn,
21og yver stormenn skam han øys og løyser beltet på dei sterke.
22Han myrkret driv or holor ut og fører dimma fram i dagen.
23Han aukar folk og tynar deim; han spreider folk og fører deim;
24Han vitet tek frå jordheimsfyrstar og let veglaus heid deim vildra;
25dei sviv i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

25 verses in this chapter
12 / 42 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

More