Job 15
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:Select Job 15:1
2«Kjem svar i vind og ver frå vismann? Fyller han barmen sin med storm?Select Job 15:2
3Vil han med ugangstale lasta? Med ord som nyttelause er?Select Job 15:3
4Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn.Select Job 15:4
5For syndi styrer munnen din; du talar som dei falske talar.Select Job 15:5
6Din munn deg dømer, ikkje eg; og dine lippor vitnar mot deg.Select Job 15:6
7Vart fyrst av menneskje du fødd? Vert fyre haugarne du avla?Select Job 15:7
8Var du i Guds rådleggjing med? Og fekk du visdom til deg rana?Select Job 15:8
9Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som me ei kjenner?Select Job 15:9
10Gråhærd og gamling er hjå oss; han eldre er enn jamvel far din.Select Job 15:10
11Er trøyst frå Gud det altfor ring? Vanvyrder du eit rolegt ord?Select Job 15:11
12Kvi let du hugen eggja deg? Kvi let du auga rulla vilt?Select Job 15:12
13For imot Gud din harm du snur og let or munnen ordi strøyma.Select Job 15:13
14Kor kann vel mannen vera rein? Og kvinnefødde hava rett?Select Job 15:14
15På sine heilage han lit ei; for honom er ’kje himmeln rein,Select Job 15:15
16langt mindre då ein styggeting, ein mann som urett drikk som med vatn.Select Job 15:16
17Eg vil deg læra; høyr på meg! Det som eg såg, vil eg deg melda,Select Job 15:17
18det som vismenner segja kann, og ei hev dult frå sine feder,Select Job 15:18
19dei som åleine landet åtte, og ingen framand kom bland deim.Select Job 15:19
20Den vonde stødt i uro liver, for valdsmann gøymt er fåe år.Select Job 15:20
21I øyro rædsletonar ljomar; fyrr han veit av, kjem tynaren.Select Job 15:21
22Han trur ’kje han kann fly frå myrkret; han venta lyt det kvasse sverd.Select Job 15:22
23Han leitar etter brød: Kvar er det? Han veit, ein myrk dag er for hand.Select Job 15:23
24Naud, trengsla skræmer, tyngjer honom, liksom ein konge budd til strid.Select Job 15:24
25For imot Gud han lyfte handi og våga tråssa Allvalds-Gud,Select Job 15:25
26han storma fram med nakken lyft, med vern utav skjold-ryggjer sterke;Select Job 15:26
27han dekte andlitet med feitt og gjorde sine lender feite.Select Job 15:27
28Han budde i bannstøytte byar, i hus som ingen burde bu i, men til grushaugar etla var.Select Job 15:28
29Han vart ’kje rik, hans gods kverv burt, hans grøda luter ei mot jordi.Select Job 15:29
30Han kann ’kje koma undan myrkret. Hans greiner turkast burt i hiten, og han kjem burt ved hans munns ande.Select Job 15:30
31Trur han på fåfengd, vert han narra, og berre fåfengd haustar han.Select Job 15:31
32Fyrr dagen kjem, då vert det uppfyllt, hans palmegreiner grønkar ikkje.Select Job 15:32
33Lik vinstokk misser han si druva, spiller sin blom som oljetreet.Select Job 15:33
34Ein syndarflokk set ingi frukt, og elden øyder mute- tjeldi.Select Job 15:34
35Dei avlar møda, føder tjon, og svik i fanget sitt dei nører.»Select Job 15:35
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain