Skip to content
Church.wiki
Job

Job 19

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då svara Job og sagde:Select Job 19:1

2«Kor lenge vil mi sjel de harma og krasa meg med dykkar ord?Select Job 19:2

3Ti gonger hev de no meg spotta; de skjemmest ei å krenkja meg.Select Job 19:3

4Hev eg i røyndi mistak gjort, dei mistak er mi eigi sak.Select Job 19:4

5Vil de dykk briska imot meg, som um eg lid mi skam med rette?Select Job 19:5

6Hugs på at Gud hev bøygt meg ned og spana kringum meg sitt garn.Select Job 19:6

7Eg ropar: «Vald!» - men eg fær ’kje svar; eg ropar: «Hjelp!» men fær ’kje rett.Select Job 19:7

8Han stengjer vegen for min fot, og myrker legg han på min stig.Select Job 19:8

9Min heidersklædnad drog han av; han frå mitt hovud kransen tok.Select Job 19:9

10Mi vern han braut, so eg gjekk under, mi von sleit han lik treet upp.Select Job 19:10

11Hans vreide logar meg imot, og for ein fiend’ held han meg.Select Job 19:11

12Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt.Select Job 19:12

13Han dreiv ifrå meg mine frendar, og kjenningar vart framande.Select Job 19:13

14Skyldfolki held seg burte frå meg, husvenerne hev gløymt meg burt.Select Job 19:14

15For hjon og tenar er eg framand; dei held meg for ein ukjend mann.Select Job 19:15

16Ei svarar drengen på mitt rop. Eg må med munnen tigga honom;Select Job 19:16

17min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør.Select Job 19:17

18Jamvel smågutar spottar meg, når eg stend upp, dei talar mot meg.Select Job 19:18

19Dei styggjest for meg mine vener, og dei eg elska, snur seg mot meg.Select Job 19:19

20Min kropp er berre skin og bein, snaudt hev eg endå tannkjøt att.Select Job 19:20

21Hav medynk, medynk, mine vener! Gud hev meg råka med si hand.Select Job 19:21

22Kvifor skal de som Gud meg jaga, og vert ei mette av mitt kjøt?Select Job 19:22

23Å, gjev at mine ord vart skrivne, og i ei bok vart rita inn,Select Job 19:23

24ja, vart med jarnmeitel og bly for ævleg tid i berget hogne!Select Job 19:24

25Eg veit at min utløysar liver, til sist han yver moldi kjem.Select Job 19:25

26Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud,Select Job 19:26

27eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv!Select Job 19:27

28De segjer: «Me vil jaga honom!» - som um orsaki låg hjå meg!Select Job 19:28

29Men de lyt agta dykk for sverdet; for vreide vert ved sverdet straffa. Og de skal vita: domen kjem.»Select Job 19:29

Next: Job 20Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.