Skip to content
Church.wiki
Job

Job 20

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde:Select Job 20:1

2«Difor gjev mine tankar svar, og difor stormar det i meg.Select Job 20:2

3Ei skamleg skrapa fær eg høyra, men kloke svar mi ånd gjev meg.Select Job 20:3

4Veit du ’kje at frå ævords tid, frå mannen fyrst på jord vart sett,Select Job 20:4

5ugudlege hev stokkut jubel, vanheilage stuttvarug gleda?Select Job 20:5

6Når modet hans til himmels stig, når hovudet mot sky han lyfter,Select Job 20:6

7han evig gjeng til grunns som skarnet; «Kvar er han?» spør dei, honom såg.Select Job 20:7

8Lik draumen glid han burt og kverv, vert jaga som ei nattesyn.Select Job 20:8

9Han burte er for alle augo, hans stad veit ikkje til han meir.Select Job 20:9

10Hans born lyt hjelpa fatigfolk; hans hender gjev hans gods attende.Select Job 20:10

11Hans bein var full’ av ungdomskraft; men den i moldi ligg med honom.Select Job 20:11

12Er i hans munn det vonde søtt, vil han det under tunga gøyma,Select Job 20:12

13sparer han det og slepper ikkje, held han det under gomen fast,Select Job 20:13

14so vert i kroppen maten hans til orme-eiter i hans buk.Select Job 20:14

15Det gods han gløypte, spyr han ut; Gud driv det ut or magen hans.Select Job 20:15

16Han orme-eiter i seg saug, og ødle-tunga honom drep.Select Job 20:16

17Han fær visst ikkje skoda bekkjer, ei heller flaum av mjølk og honning.Select Job 20:17

18Han rikdom vinn, men nyt han ikkje; han samlar gods, men vert ’kje glad.Select Job 20:18

19Han krasa småfolk, let deim liggja, han rana hus som han ei byggjer.Select Job 20:19

20Han kjende ikkje ro inni seg, men med sin skatt han slepp ’kje undan.Select Job 20:20

21Hans hækna sparer ingen ting; og difor kverv hans lukka burt.Select Job 20:21

22I all si ovnøgd lid han naud; kvar armings-hand kjem yver honom.Select Job 20:22

23Og til å fylla buken hans han sender vreiden yver honom, let maten sin på honom regna.Select Job 20:23

24Og um han frå jarnvåpen flyr, han såra vert frå koparbogen;Select Job 20:24

25ut gjenom ryggen pili kjem, den blanke odd ut or hans gall, og dauderædslor fell på honom.Select Job 20:25

26Alt myrker gøymt er åt hans skattar, ja, ukveikt eld et honom upp, og øyder all hans eigedom.Select Job 20:26

27Himmelen ter hans brotsverk fram, og jordi reiser seg imot han.Select Job 20:27

28Hans heime-forråd fer sin veg, renn burt på vreidedagen hans.Select Job 20:28

29Slikt etlar Gud til gudlaus mann; det lovar Gud til arv åt honom.»Select Job 20:29

Next: Job 21Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.