Skip to content
Church.wiki
Job

Job 23

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då svara Job og sagde:Select Job 23:1

2«Endå gjeld klaga mi for tråss, tungt legg eg handi på min sukk.Select Job 23:2

3Berre eg kunde finna honom og koma til hans bustad fram!Select Job 23:3

4Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov.Select Job 23:4

5Då høyrde eg kva svar han gav, og merka det han sa til meg.Select Job 23:5

6Vilde med magt han mot meg standa? Nei, lyda på meg vilde han.Select Job 23:6

7Ein skuldfri stod då for han fram; for alltid slapp eg domar min.Select Job 23:7

8Gjeng eg i aust, han er ’kje der; mot vest, eg vert han ikkje var;Select Job 23:8

9i nord han verkar, ei eg ser han, han snur mot sud, eg ser han ikkje.Select Job 23:9

10For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull.Select Job 23:10

11Min fot hev fylgt i faret hans; hans veg eg gjeng ubrigdeleg,Select Job 23:11

12veik ei frå det hans lippa baud, meir enn mi lov eg lydde hans.Select Job 23:12

13Men ein er han, kven hindrar honom? Det han hev hug til, gjer han og.Select Job 23:13

14Han um min lagnad avgjerd tek, og hev med meg so mangt i emning.Select Job 23:14

15Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han.Select Job 23:15

16Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og Allvald hev gjort meg fælen,Select Job 23:16

17ei er det myrkret som meg tyner, og ei mi eigi myrke åsyn.Select Job 23:17

Next: Job 24Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.