Skip to content
Church.wiki

Job Chapter 24 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Job · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 25 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

욥기 24장은 엘리바스의 세 번째 발언에 대한 욥의 대답 가운데 뒷부분이다. 욥은 약자를 억압하는 자와 어둠 속에서 죄짓는 자가 벌을 받지 않는 현실을 들어, 왜 하나님이 심판의 때를 정해 두지 않으시는지 묻는다.

Jump to verse

24Job · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Kvi hev ’kje Allvald tider set? Kvi ser hans vener ei hans dagar?
2Dei fører deildesteinar burt, stel fe og sender det på beite,
3tek asnet frå den faderlause; tek kui enkja eig i pant.
4Driv fatigfolk frå vegen burt; alt landsens småfolk kryp i skjol;
5Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær.
6Dei haustar mark ved nattetid, og gudlaus manns vinhage plundrar.
7Um natti nakne, utan klæde, dei hev for kulden inkje dekkje.
8Dei våte vert av regn på fjell, held seg i bergufs utan livd,
9Ein farlaus lyt frå moderbarm ein armings klæde gjeng i pant.
10Dei nakne gjeng og klædelause, i hunger dei på kornband dreg.
11Dei kreistar olje innum murar, dei persar vin og tyrster lel.
12Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa.
13Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar.
14Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven.
15Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska.
16I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.
17Myrk natt er morgon for deim alle; for natteskræmslorne dei kjenner.
18Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir.
19Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda.
20Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre.
21Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han ’kje vel.
22Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet.
23Han styd deim so dei liver trygt, hans augo vaktar deira vegar.
24Høgt stig dei, brått - dei er ’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
25Er det ’kje so? Kven legg imot? Kven gjer no mine ord um inkje?»

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

25 verses in this chapter
24 / 42 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

More