Job 28
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sylv hev sin stad, der dei det finn, og gullet, som dei reinsa vinn,Select Job 28:1
2og jarn fram or jordi fær, og kopar ut or steinen bræ’r;Select Job 28:2
3På natteskuggen gjer dei slutt og myrkheims steinar granskar ut.Select Job 28:3
4Djupt under by med annsamt liv i gruvor bergmenn kliv og sviv.Select Job 28:4
5På jordi brødkorn fram dei driv, men inni upp som eld dei riv.Select Job 28:5
6Safiren sit i steinar der, og der seg og gullklumpar ter,Select Job 28:6
7Ei ørnen kjenner denne veg, for haukesyn han løyner seg.Select Job 28:7
8Ei stolte rovdyr vegen fann, og løva aldri gjeng på han.Select Job 28:8
9På harde steinen dei handi legg; då sturtar mang ein bergevegg.Select Job 28:9
10I berget seg gangar grev og skodar mang ein skatt so gjæv.Select Job 28:10
11Dei dytter til for rennand’ å, det løynde fram for ljoset må.Select Job 28:11
12Men visdomen, kvar er han å få? Og kvar skal ein vitet nå?Select Job 28:12
13Slett ingen veit hans verd og vinst; i manneheim han ikkje finst;Select Job 28:13
14Avgrunnen dyn: «Her ei han er!» Og havet segjer: «Ikkje her!»Select Job 28:14
15Du kann ’kje kjøpa han for gull, men sylv ei vega prisen full,Select Job 28:15
16og ei for gull ifrå Ofir, ei for onyks, ei for safir.Select Job 28:16
17Ei gull og glas er nok til kaup, og ei til byte fingull-staup.Select Job 28:17
18Korall, krystall gjeld ikkje her. Visdom er meir enn perlor verd.Select Job 28:18
19Topas frå Kus er altfor ring, ja, reinast gull vert ingen ting.Select Job 28:19
20Visdomen, kvar kjem han ifrå? Og kvar skal ein til vitet nå?Select Job 28:20
21Det ingen veit på denne jord; ei fugl det fann, kvar helst han for.Select Job 28:21
22Avgrunn og daude segjer greidt: «Eit gjetord er alt det me veit.»Select Job 28:22
23Men Gud han kjenner denne veg; han veit kvar visdom løyner seg.Select Job 28:23
24Han skodar heilt til heimsens tram, og under himmeln ser han fram.Select Job 28:24
25Då vinden han med vegti vog og sette mål for vatnet og,Select Job 28:25
26då han gav regnet lovi si og ljomet veg å ganga i,Select Job 28:26
27då såg han og synte fram og granska honom umhugsam.Select Job 28:27
28Til menneskja han sagde so: «I Herrens otte visdom sit, og fly det vonde, det er vit.»»Select Job 28:28
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain