Job 30
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden.Select Job 30:1
2Magtlause er og deira hender, og deira saft og kraft er burte;Select Job 30:2
3Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni,Select Job 30:3
4og plukkar melde millom kjørri og hev til føda einerot.Select Job 30:4
5Frå folket vert dei jaga burt, fær tjuvemann slengt etter seg.Select Job 30:5
6Dei gøymer seg i fæle gil, i holor uti jord og fjell;Select Job 30:6
7og millom buskor skrålar dei og samlast under netlerunnar;Select Job 30:7
8ei ætt av dårar og namnlause som ein helst piskar ut or landet.Select Job 30:8
9No er eg slengjestev for deim, eit ordtak hev for deim eg vorte.Select Job 30:9
10Dei styggjest ved meg, held seg burte og sparer ei å sputta på meg.Select Job 30:10
11Utan all blygd dei krenkjer meg, hiv av kvart band framfor mi åsyn.Select Job 30:11
12Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg.Select Job 30:12
13Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv.Select Job 30:13
14Som gjenom vide murbrot kjem dei, velter seg fram med bråk og brak.Select Job 30:14
15Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky.Select Job 30:15
16No jamrar seg mi sjæl i meg; usæle dagar held meg fast.Select Job 30:16
17Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina aldri søv.Select Job 30:17
18Ved allmagt vert min klædnad vanstelt, heng tett som skjortekragen kring meg.Select Job 30:18
19Han kasta meg i skarnet ned; og eg ser ut som mold og oska.Select Job 30:19
20Eg skrik til deg, du svarar ikkje, eg stend der, og du stirer på meg.Select Job 30:20
21Hard hev du vorte imot meg, du stri’r mot meg med veldug hand.Select Job 30:21
22Du let meg fara burt i stormen, du let meg tynast i hans brus.Select Job 30:22
23Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt.Select Job 30:23
24Kven kavar ikkje når han søkk? Kven ropar ikkje ut i fåren?Select Job 30:24
25Gret eg ’kje sjølv med den fortrykte, og syrgde yver fatigmann?Select Job 30:25
26Eg vona godt, men det kom vondt, eg venta ljos, men myrker kom.Select Job 30:26
27Det kokar allstødt i mitt indre, ulukkedagen møter meg.Select Job 30:27
28Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend, eg ris i flokken, skrik um hjelp.Select Job 30:28
29Bror åt sjakalar hev eg vorte, til strussar eg ein frende er.Select Job 30:29
30Mi hud er svart og flaknar av; det brenn i mine bein av hite.Select Job 30:30
31Min cither hev eg bytt i sorg, og fløyta mi med gråtar-mål.Select Job 30:31
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain