Skip to content
Church.wiki
Job

Job 35

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Elihu tok til ords og sagde:Select Job 35:1

2«Seg, trur du vel at slikt er rett, so du meir rettvis er enn Gud,Select Job 35:2

3når djervt du spør: «Kva gagn hev eg, kva løn um eg frå syndi flyr?»Select Job 35:3

4På dette vil eg svara deg og likeins venerne med deg.Select Job 35:4

5Ditt auga du mot himmelen snu, og sjå på skyerne der uppe!Select Job 35:5

6Di synd, kann ho vel skade honom? Lid han, um dine brot er mange?Select Job 35:6

7Er du rettvis, kva gjev du honom? Kva fær han då utav di hand?Select Job 35:7

8Di synd vedkjem ein mann som deg, di rettferd gjeld eit menneskje.Select Job 35:8

9Dei klagar yver urett stor og skrik um hjelp mot valdsmenns arm;Select Job 35:9

10men spør ’kje: «Kvar er Gud, min skapar, som let ved natt lovsongar tona,Select Job 35:10

11gjev oss meir vit enn dyr på mark og meir forstand enn fugl i luft?»Select Job 35:11

12Der ropar dei - han svarar ikkje - um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.Select Job 35:12

13Gud høyrer ei på tome ord, slikt agtar Allvald ikkje på.Select Job 35:13

14Um enn du segjer du ei ser han, han ser han nok saki, bi på honom!Select Job 35:14

15Og no, når vreiden hans ei refser, tru han ei kjenner dårskapen?Select Job 35:15

16Men Job let upp sin munn til fåfengd, uvitugt talar han so mykje.»Select Job 35:16

Next: Job 36Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.