Job 37
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin.Select Job 37:1
2Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn!Select Job 37:2
3Det fer burt under himmelkvelv, men elden skin til heimsens endar.Select Job 37:3
4So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let.Select Job 37:4
5Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ei kann skyna.Select Job 37:5
6Han snøen byd: «Fall ned til jord!» Til regnet og, sitt sterke silregn.Select Job 37:6
7Han stengjer av for mannehand, so all hans skapning læra må.Select Job 37:7
8Villdyri gjeng til sine hi og kvilar på sin legestad.Select Job 37:8
9Or inste kammer kjem det storm, og kulde ut av vindarne.Select Job 37:9
10Utav Guds ande gustar frost, dei vide vatni kjem i tvang.Select Job 37:10
11Han lastar skyi og med væta og breider sine elding-skyer,Select Job 37:11
12og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen;Select Job 37:12
13anten til ris, når jordi treng det, ell’ og med nåde lyt dei råka.Select Job 37:13
14Job, lyd på dette, statt no still, gjev gaum på undri Gud hev gjort!Select Job 37:14
15Veit du når Gud deim segjer fyre, og let sitt ljos or skyi skina?Select Job 37:15
16Veit du vel korleis skyi sviv, um underi åt den Allvise?Select Job 37:16
17Du som i heite klæde styn, når jordi brenn i sunnanvind?Select Job 37:17
18Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel?Select Job 37:18
19Lær oss, kva me skal segja honom! Me tegja lyt for berre myrker.Select Job 37:19
20Skal han få melding at eg talar? Vil nokon ynskja seg å tynast?Select Job 37:20
21No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt.Select Job 37:21
22Langt nordanfrå kjem gullet hit, ein fælsleg glans ligg yver Gud.Select Job 37:22
23Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer.Select Job 37:23
24Difor ber folket age for han, han ansar ingen sjølvklok mann.»Select Job 37:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain