Skip to content
Church.wiki
Job

Job 40

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren svara Job or stormen og sagde:Select Job 40:1

2«Spenn som mann ditt beltet på, gjev meg på mine spursmål svar:Select Job 40:2

3Vil du forspille meg min rett, fordøma meg, so du fær rett?Select Job 40:3

4Hev du vel slik ein arm som Gud? Kann du som han med røysti dundra?Select Job 40:4

5Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom,Select Job 40:5

6Lat so din vreide strøyma fram, sjå kvar ein stolt og audmyk han!Select Job 40:6

7Så kvar ein stolt og bøyg han ned, og slå til jord dei gudlause!Select Job 40:7

8Og gøym deim alle under jordi, bitt deira andlit fast i løynd!Select Job 40:8

9So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann.Select Job 40:9

10Sjå elvhesten! Eg hev skapt han liksom deg; som ein ukse et han gras.Select Job 40:10

11Sjå då krafti i hans lender, i bukmusklarne hans styrke!Select Job 40:11

12Halen gjer han stiv som ceder, fast bogsenarne er tvinna.Select Job 40:12

13Knokarne er koparrøyrer, beini som jarnstenger er.Select Job 40:13

14Av Guds verk er han det fyrste, av sin skapar fekk han sverd.Select Job 40:14

15Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der.Select Job 40:15

16Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev.Select Job 40:16

17Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom.Select Job 40:17

18Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap.Select Job 40:18

19Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten?Select Job 40:19

20Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum,Select Job 40:20

21Draga snor i gjenom nosi, hogga krok i kjaken hans?Select Job 40:21

22Vil han tigga um nåde, tala mjuke ord til deg?Select Job 40:22

23Tru han vil gjera samband med deg og din træl for alltid verta?Select Job 40:23

24Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band? Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar? Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar? Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje! Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han.Select Job 40:24

Next: Job 41Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Job

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.