Job 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Rop berre du; kven svarar deg? Kva engel vil du beda til?Select Job 5:1
2Mismod slær fåvis mann i hel og brennhug den som lite veit.Select Job 5:2
3Eg såg ein dåre festa rot, og brått eg laut hans bustad banna.Select Job 5:3
4Hans søner hjelpelaus var, uhjelpte trakka ned i porten.Select Job 5:4
5Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods.Select Job 5:5
6Men naudi ei frå dusti kjem; ulukka ei or jordi renn;Select Job 5:6
7nei, mannen vert til møda fødd, som gneistarne lyt fljuga høgt.Select Job 5:7
8Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki fram for honom,Select Job 5:8
9som storverk gjer som ei me skynar, fleir’ underverk enn me kann telja,Select Job 5:9
10som sender regnet ned på jord og vatnet yver mark og eng,Select Job 5:10
11som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa,Select Job 5:11
12som spiller planen for dei sløge, so deira hender inkje duger,Select Job 5:12
13som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg.Select Job 5:13
14Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt.Select Job 5:14
15Frå sverd frelser han frelser fatigmann, frå deira munn, frå yvervald,Select Job 5:15
16so vesalmann fær hava von, men vondskap lata munnen att.Select Job 5:16
17Men sæl den mann som Gud mun refsa; vanvyrd ei tukt frå Allvalds-Gud!Select Job 5:17
18Han sårar, men bind og umkring; han slær men lækjer med si hand.Select Job 5:18
19Seks trengslor bergar han deg or, i sju skal inkje vondt deg nå.Select Job 5:19
20I hunger fri’r han deg frå dauden, i krig du undan sverdet slepp;Select Job 5:20
21for tungesvipa er du berga, og trygg du er i tap og tjon;Select Job 5:21
22du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr;Select Job 5:22
23du samband hev med stein på marki, og fred med villdyr uti heidi.Select Job 5:23
24Du merkar at ditt tjeld hev fred, og inkje vantar i ditt hus.Select Job 5:24
25Du ser, ditt sæde tallrikt er, ditt avkom rikt som gras på eng.Select Job 5:25
26I mannskraft til di grav du gjeng, lik korn, køyrt inn i rette tid.Select Job 5:26
27Det hev me granska; so det er; so høyr og merka deg det då!»Select Job 5:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain