Job 6
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då tok Job til ords og svara:Select Job 6:1
2«Um dei mitt mismod vega vilde og få ulukka mi på vegti,Select Job 6:2
3det tyngjer meir enn havsens sand; difor var ordi mine ville.Select Job 6:3
4For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak.Select Job 6:4
5Skrik asnet vel i grøne eng? Og rautar uksen ved sitt for?Select Job 6:5
6Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggjekvite?Select Job 6:6
7Det byd meg mot å røra slikt, det er som min utskjemde mat.Select Job 6:7
8Å, fekk eg uppfyllt bøni mi! Gav Gud meg det eg vonar på!Select Job 6:8
9Ja, vild’ han berre knusa meg, med hand si min livstråd slita!Select Job 6:9
10Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på.Select Job 6:10
11Kva er mi kraft, at eg skuld’ vona? Mi framtid, at eg skulde tola?Select Job 6:11
12Er krafti mi som steinen sterk? Er kanskje kroppen min av kopar?Select Job 6:12
13Mi hjelp hev heilt forlate meg; all kvart stydjepunkt er frå meg teke.Select Job 6:13
14Ein rådlaus treng av venen kjærleik, um enn han ottast Allvald ei.Select Job 6:14
15Som bekken brørne mine sveik, lik bekkjefar som turkar ut.Select Job 6:15
16Fyrst gruggast dei av bråna is, og snø som blandar seg uti,Select Job 6:16
17men minkar so i sumarsoli, og kverv til slutt burt i sumarhiten.Select Job 6:17
18Vegfarande vik av til deim, men kjem til øydemark og døyr.Select Job 6:18
19Kjøpmenn frå Tema skoda dit, flokkar frå Saba vonar trygt;Select Job 6:19
20men svikne vert dei i si von; dei narra vert når dei kjem fram.Select Job 6:20
21So hev de vorte reint til inkjes, de rædsla såg, og rædde vart!Select Job 6:21
22Hev eg då bede dykk um noko? Bad eg dykk løysa meg med gods?Select Job 6:22
23og frelsa meg frå fiendvald og kjøpa meg frå røvarar?Select Job 6:23
24Gjev meg eit svar, so skal eg tegja; seg meg kva eg hev synda med!Select Job 6:24
25Eit rettvis ord er lækjebot; men last frå dykk er inkje verdt.Select Job 6:25
26Du lastar meg for ordi mine; men vonlaus mann so mangt kann segja.Select Job 6:26
27De kastar lut um farlaust barn, og handel driv um dykkar ven.Select Job 6:27
28Vilde de berre sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i augo?Select Job 6:28
29Vend um, lat ikkje urett skje! Vend um, enn hev eg rett i dette.Select Job 6:29
30Finst det vel fals på tunga mi? Kann ei min gom ulukka smaka?Select Job 6:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain