Skip to content
Church.wiki

Job Chapter 9 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Job · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 35 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

욥기 9장은 빌닷의 첫 번째 말에 대한 욥의 대답 앞부분이다. 욥은 하나님의 압도적인 능력 앞에서 사람이 의롭다고 변론할 수 없다고 탄식하고, 둘 사이를 판결해 줄 이가 없다고 호소한다.

Jump to verse

9Job · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Då tok Job til ords og sagde:
2«Eg veit for visst at det er so; kva rett fær mannen imot Gud?
3Um han med honom vilde trætta, han kann ’kje svara eitt til tusund.
4Vis som han er og sterk i velde - kven kann vel strafflaust tråssa honom,
5som fjelli flyt, dei veit ’kje av det, og velter deim upp i harm,
6som ruggar jordi frå sin plass, so pilarne hennar skjelv,
7som soli byd so ho ei skin, og set eit segl for stjernorne,
8som eine spanar himmeln ut og fram på havsens toppar skrid,
9hev skapt Karlsvogni og Orion, Sjustjerna og Sørkamri med?
10Som storverk gjer, me ei kann fata, og underverk forutan tal?
11Han framum gjeng, eg ser han ikkje; um burt han glid, eg går han ikkje.
12Når han tek fat, kven stoggar honom? Kven honom spør: «Kva gjer du der?»
13Gud stoggar ikkje vreiden sin; for han seg bøygde Rahabs-fylgjet.
14Kor kann vel eg då svara han? Kor skal for han eg ordi leggja?
15Um eg hev rett, eg kann ’kje svara, men lyt min domar be um nåde.
16Og um han svara når eg ropa, eg trudde ei mi røyst han høyrde.
17Han som i stormver reiv meg burt og auka grunnlaust såri mine,
18han let meg ikkje anda fritt, men metta meg med beiske ting.
19Når magt det gjeld, då er han der; men gjeld det rett: kven stemnar honom?
20Um eg hev rett, min munn meg dømer; er skuldlaus, han meg domfeller.
21Skuldlaus eg er! eg skyner ei meg sjølv, vanvyrder livet mitt.
22Det er det same, no eg segjer: Han tyner skuldig og uskuldig.
23Når svipa brått gjev ulivssår, med lått han ser den gode lida.
24Han jordi gav i nidings hand; på domarar han syni kverver. Er det ’kje han, kven er det då?
25Mitt liv fer snøggare enn lauparen, dei kverv, men lukka såg det aldri;
26Det glid som båtar utav sev, lik ørn som ned på fengdi slær.
27Når eg mi plåga gløyma vil og jamna panna mi og smila,
28då gruvar eg for pina mi; eg veit du ei frikjenner meg.
29For når eg lyt straffskuldig vera, kvifor skal eg då fåfengt stræva?
30Um eg i snø meg vilde tvætta og reinsa henderne med lut.
31Du ned i grefti straks meg dukka, so mine klæde ved meg stygdest.
32Han ikkje er ein mann som eg, kann ei med meg til retten gå; Notes
33d’er ingen skilsmann millom oss som handi si kann på oss leggja.
34Når berre han tok riset frå meg og ikkje skræmde meg med rædsla,
35eg skulde tala utan otte; sjølv dømer eg meg annarleis.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

35 verses in this chapter
9 / 42 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Verse commentaries for this chapter 1

Articles mentioning this chapter

More