Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Usæle dei som gjev urettferdige lover, og som med all si skriving berre bokfører urett,Select Isaiah 10:1

2so dei kann trengja småfolk burt ifrå retten og rana frå armingarne i folket mitt det som deira er og gjera enkjor til sitt herfang og plundra farlause.Select Isaiah 10:2

3Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?Select Isaiah 10:3

4Er det noko anna for enn å bøygja kne millom fangar eller å falla millom drepne? Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.Select Isaiah 10:4

5Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.Select Isaiah 10:5

6Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.Select Isaiah 10:6

7Men soleis meiner ikkje han, og hjarta hans tenkjer ikkje soleis. Nei, hans hug stend til å øyda og rydja ut folk i mengd.Select Isaiah 10:7

8Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?Select Isaiah 10:8

9Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?Select Isaiah 10:9

10Liksom mi hand hev nått kongeriki åt dei andre gudarne, endå gudebilæti var meir tallrike enn i Jerusalem og i Samaria,Select Isaiah 10:10

11skulde eg ikkje då magta å gjera det same med Jerusalem og gudebilæti der som eg hev gjort med Samaria og gudarne der?»Select Isaiah 10:11

12Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.Select Isaiah 10:12

13For han segjer: «Med mi velduge hand hev eg gjort dette og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte folkegrensorne, og rana eignaluterne deira, og i mitt velde støytte eg ned deim som sat i kongsstolarne,Select Isaiah 10:13

14og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»Select Isaiah 10:14

15Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!Select Isaiah 10:15

16Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.Select Isaiah 10:16

17Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, og dei skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.Select Isaiah 10:17

18Og han skal gjera ende på dei gilde skogarne og aldehagarne hans med rubb og stubb; han skal verta liksom ein sjukling som visnar burt.Select Isaiah 10:18

19Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.Select Isaiah 10:19

20På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.Select Isaiah 10:20

21Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.Select Isaiah 10:21

22For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.Select Isaiah 10:22

23For øyding og fastsett straffedom skal Herren, Allhers-Herren, lata koma yver all jordi.Select Isaiah 10:23

24Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!Select Isaiah 10:24

25For um ei liti stund er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.Select Isaiah 10:25

26Og Herren, allhers drott, svingar svipa si yver honom, liksom då han slo Midjan ved Ramneberget; og staven hans er utrett yver havet, og han skal lyfta honom som i Egyptarland.Select Isaiah 10:26

27PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.Select Isaiah 10:27

28Han kjem mot Ajjat, fer framum Migron; han let etter seg trænet i Mikmas.Select Isaiah 10:28

29Dei fer yver skardet. «I Geba heldt me nattekvild!» Rama skjelv; Sauls Gibea flyr.Select Isaiah 10:29

30Skrik høgt, du dotter Gallim! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!Select Isaiah 10:30

31Madmena flyr, Gebim-buarne bergar sitt bu.Select Isaiah 10:31

32Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.Select Isaiah 10:32

33Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.Select Isaiah 10:33

34Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.Select Isaiah 10:34

Next: Isaiah 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.