Isaiah 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1På den dagen skal du segja: «Eg takkar deg, Herre, for du var vreid på meg, men vreiden din kvarv, og du trøysta meg!Select Isaiah 12:1
2Sjå, Gud er mi frelsa, eg er trygg og ottast ikkje; for Herren, Herren er min styrke og min lovsong, og han vart meg til frelsa.»Select Isaiah 12:2
3Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldorne!Select Isaiah 12:3
4Og de skal segja på den dagen: «Takka Herren, kalla på hans namn, kunngjer bland folki hans verk, fortel at hans namn er høgt!Select Isaiah 12:4
5Syng lov for Herren, for storverk hev han gjort! Lat heile verdi få vita det!Select Isaiah 12:5
6Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»Select Isaiah 12:6
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain