Isaiah 15
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.Select Isaiah 15:1
2Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.Select Isaiah 15:2
3På gatorne sveiper dei sekk um seg, på tak og på torg jamrar deim alle, tårorne fløymer.Select Isaiah 15:3
4Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom.Select Isaiah 15:4
5Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og på vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.Select Isaiah 15:5
6Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.Select Isaiah 15:6
7Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.Select Isaiah 15:7
8Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling.Select Isaiah 15:8
9For Dimonsvatnet er fullt av blod. Og endå meir let eg koma yver Dimon: ei løva yver deim som er berga av Moab, yver leivningen i landet.Select Isaiah 15:9
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain