Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 17

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.Select Isaiah 17:1

2Aroer-byarne skal verta folketome; hjorder skal få deim til heim, dei skal liggja der, og ingen skræmer deim.Select Isaiah 17:2

3Og det skal vera slutt med borgi i Efraim og med kongedømet i Damaskus, med leivningen av Syria. Det skal ganga med deim som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers drott.Select Isaiah 17:3

4På den tid vert Jakobs herlegdom vesall, og holdet hans minkar burt.Select Isaiah 17:4

5Det skal ganga honom liksom når skurdmannen grip i åkeren og armen hans skjer aksi. Det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa’imsdalen.Select Isaiah 17:5

6Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.Select Isaiah 17:6

7På den tid skal mannen venda seg til skaparen sin og augo hans sjå upp til Israels Heilage.Select Isaiah 17:7

8Og han skal ikkje lenger venda si syn til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrarne hans hev verka, korkje på Astarte-bilæti eller solstolparne.Select Isaiah 17:8

9På den tidi skal dei faste byarne deira verta liksom dei aude tufter i skogarne og på høgderne, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal verta ei øydemark.Select Isaiah 17:9

10For du hev gløymt Gud, frelsaren din, og minnest ikkje ditt sterke fjell. Difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i deim.Select Isaiah 17:10

11Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen til å bløma: avlen kverv på dagen med sjukdom og ulækjeleg pinsla.Select Isaiah 17:11

12Høyr brusen av mange folk! det bruser som havet bruser. Høyr dynen av folkeslag, det dyn som velduge vatn.Select Isaiah 17:12

13Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm.Select Isaiah 17:13

14Um kvelden, sjå då er det rædsla, og innan morgonen lyser, er han ikkje meir til. Soleis gjeng det deim som plundrar oss, dette er luten åt deim som ranar hjå oss.Select Isaiah 17:14

Next: Isaiah 18Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.