Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 23

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, utan hus og utan heimkoma. Frå Kittims land fær dei fretnad um det.Select Isaiah 23:1

2Sit tagalle, de som bur på havstrandi! Kjøpmenner frå Sidon, sjøfarande menner, fyllte deg;Select Isaiah 23:2

3av sædet i Sihor og kornet ved Nilen gjorde du deg vinning, med di du for yver store vatn og dreiv handel millom folki.Select Isaiah 23:3

4Men statt no der med skam, du Sidon; for so segjer havet, havborgi: «Eg hev ikkje vore barnsjuk og hev ikkje født born, ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.»Select Isaiah 23:4

5Når dei fær høyra dette i Egyptarland, so bivrar dei ved fretnaden um Tyrus.Select Isaiah 23:5

6Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi.Select Isaiah 23:6

7Er dette dykkar glade by, som rekna upphavet sitt frå eldegamle dagar, og som av føterne sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?Select Isaiah 23:7

8Kven hev tenkt ut dette mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennerne var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennerne på jordi?Select Isaiah 23:8

9Herren, allhers drott, er den som hev tenkt det ut, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdomen og vanæra alle desse stormennerne.Select Isaiah 23:9

10Flød yver landet ditt, liksom Nilelvi, du dotter Tarsis! Du hev ingi demming meir.Select Isaiah 23:10

11Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast.Select Isaiah 23:11

12Han sagde: «Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, dotter Sidon. Tak ut og far yver til Kittim, ikkje heller der skal du finna kvild.Select Isaiah 23:12

13Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug.Select Isaiah 23:13

14Jamra dykk, de Tarsis-skip, for borgi dykkar er lagd i øyde.»Select Isaiah 23:14

15På den dagen skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:Select Isaiah 23:15

16«Tak din cither og gakk umkring i byen, du gløymde skjøkja! Spel fagert, og syng trottugt, so dei kann koma deg i hug!»Select Isaiah 23:16

17Når dei sytti åri er lidne, skal Herren gjesta Tyrus, og ho skal atter få fara til å taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord.Select Isaiah 23:17

18Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal verta helga åt Herren. Det skal ikkje leggjast upp eller gøymast, men dei som bur for Herrens åsyn, skal av denne vinsten hava rikeleg føda og prydelege klæde.Select Isaiah 23:18

Next: Isaiah 24Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.