Skip to content
Church.wiki

Isaiah Chapter 3 Studentmållagsbibelen frå 1921

Major prophets · Isaiah · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 26 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

이사야 3장은 하나님이 유다와 예루살렘이 의지하던 지도층과 양식을 거두시고, 가난한 자를 착취한 장로·방백과 교만하게 치장한 시온의 딸들을 심판하신다고 선포하는 예언이다.

Jump to verse

3Isaiah · Studentmållagsbibelen frå 1921
1For sjå Herren, Allhers-Herren, skal taka burt frå Jerusalem og Juda kvar studnad og stav, kvar studnad av mat, og kvar studnad av vatn,
2kjempa og stridsmann, domar og profet, spåmann og styresmann,
3femtimanns-førar og vyrdingsmann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann.
4Og eg skal gjeva deim unggutar til styrarar, og gutehått skal råda yver deim.
5Og folket - den eine skal plåga den andre, kvar ein sin granne. Guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten imot fagnamannen.
6Når det då hender, at ein fær tak i ein annan i huset åt far hans, og segjer: «Du eig då ein klædnad, ver du styraren vår! Tak då rådvelde yver dette fallande riket!»
7då skal han svara og segja: «Eg er ingen sårlækjar, i mitt hus er korkje brød eller klæde; gjer ikkje meg til styrar yver folket!»
8For Jerusalem snåvar og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, og er tråssuge framfor hans herlegdoms åsyn.
9Sjølve andlitssvipen deira vitnar imot deim, og liksom i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si. Ve deira sjæl! For dei valdar seg sjølv ulukka.
10Seg um den rettferdige at det skal ganga honom godt; frukti av si gjerning skal han njota.
11Men usæl den ugudlege! honom skal det ganga ille; hans eigne gjerningar hemnar seg på honom sjølv.
12Styraren yver mitt folk er eit barn, og kvinnor råder yver det. Mitt folk, førarane dine fører deg vilt, og gjer vegen du skal fara til villstig.
13Herren hev stige fram, han vil føra sak, han stend og vil døma folki.
14Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: «De hev plundra vinhagen! Ran frå fatigmannen er i husi dykkar!
15Korleis kann de soleis skamfara mitt folk og trakka dei fatige under fot?» segjer Herren, Allhers-Herren.
16Og Herren segjer: «Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringarne sine,
17so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla.
18På den dagen tek Herren frå deim all stasen deira: Fotringar, panneband, halssylgjor,
19øyredobbor, armband, slør,
20hovudpryda, fotkjedor, belte, lukteflaskor, amulettar,
21fingergull, naseringar,
22høgtidsbunader, kåpor, kasteplagg, pungar,
23speglar, serkjer, huvor, flor.
24Og det skal verta illtev i staden for godange, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for flettor, sekkjety i staden for høgtidstidsbunad og svidmerke i staden for vænleik.
25Mennerne dine skal falla for sverd og kjemporne dine i krig.
26Og portarne hennar skal gråta og låta, og einsleg sit ho att i gruset.»

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

26 verses in this chapter
3 / 66 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this chapter

More