Skip to content
Church.wiki
Isaiah

Isaiah 34

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Kom hit, de folk, og høyr, og de folkeslag, gjev gaum! Jordi høyre og det som fyller henne, jordheimen og alt som veks der!Select Isaiah 34:1

2For Herrens vreide er yver alle folki, og harmen hans yver all deira her. Han bannstøyter deim, gjev deim til slagting.Select Isaiah 34:2

3Og deira ihelslegne skal verta burtslengde, og teven av liki deira skal stiga upp, og fjelli skal fljota av blodet deira.Select Isaiah 34:3

4Og heile himmelheren skal kverva, og himlarne verta ihoprulla som ei boki, og all heren deira skal visna burt, som bladet fell av vintreet og det visne lauvet av fiketreet.Select Isaiah 34:4

5For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen. Sjå, yver Edom skal det fara ned og yver mitt bannstøytte folk til dom.Select Isaiah 34:5

6Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar. For ei offerslagting held Herren i Bosra og ei stor nedslagting i Edomlandet.Select Isaiah 34:6

7Og villuksar skal sturta saman med deim, og stutar saman med sterke uksar, og landet deira skal verta drukke av blod, og jordi deira hævda med feitt.Select Isaiah 34:7

8For Herren held ein hemnardag og eit attergjeldsår for Sions sak.Select Isaiah 34:8

9Og bekkjerne i det skal verta til bik, og moldi til svåvel, og markerne i det skal verta til brennande bik.Select Isaiah 34:9

10Korkje natt eller dag skal det slokna, i all æva skal røyken frå det stiga upp; frå ætt til ætt skal det liggja i øyde, i all æva er det ingen som fer igjenom det.Select Isaiah 34:10

11Og pelikan og bustyvel skal eiga det, og kattula og ramn skal bu i det, og ein skal spana ut yver det mælesnøre til øyding, og bruka lodd til å gjera det tomt.Select Isaiah 34:11

12Det er ingi gjævingar der som kann ropa nokon ut til konge, det er slutt med alle hovdingarne.Select Isaiah 34:12

13Og klunger skal renna i slotti der, og netla og tistlar i borgerne, og det skal vera ein bustad for sjakalar og ein stad for strussar.Select Isaiah 34:13

14Og ulven og andre villdyr skal møtast, og raggetroll ropa til kvarandre; ja, der uner Lilit og finn seg ein kvilestad.Select Isaiah 34:14

15Der byggjer pilormen reir og legg egg og klekkjer ut ungar og sankar deim og gjev deim livd. Ja, der sankar gribbarne seg, den eine hjå den andre.Select Isaiah 34:15

16Leita etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av deim vantar, det eine saknar ikkje det andre. For hans munn byd det, og hans ånd sankar deim,Select Isaiah 34:16

17og han kastar lut for deim, og handi hans ætlar deim det med mælesnøre. Til æveleg tid skal dei eiga det, frå ætt til ætt skal dei bu i det.Select Isaiah 34:17

Next: Isaiah 35Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Isaiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.